Særmerkte tolkingar
Solveig Slettahjell har laga svensk-norsk kanon.
Solveig Slettahjell har laga eit album med norske og svenske melodiar.
Foto: Hanna Johre / NTB
Jazz
Solveig Slettahjell
Quartet:
Gullokk
Solveig Slettahjell, vokal, Andreas Ulvo, piano, Trygve Waldemar Fiske, bass og Pål Hausken, trommer.
Jazzland Recordings
Solveig har gjennom fleire år samla seg eit knippe songar som skulle bli hennar nordiske songbok. Med dei ti låtane på Gullokk har ho laga det svensk-norske kapittelet, så vil tida visa om låtar frå resten av Norden får sine Slettahjell-tolkingar. Om dette som her er servert, er standarden, er det grunn til å venta spent på framhaldet.
Slettahjell kjenner ein att uansett kva repertoar ho tek fatt på. Denne plata er ikkje noko unnatak. Samstundes er det slik at ho har valt låtar der det alt er spelt inn slitesterke tolkingar. Det gjeld til dømes Mats Paulsons «Vind över vindens ängar», Allan Edwalls «Vaggvisa» og «Besøk» av Bjørneboe og Preus.
Likevel finn Slettahjell sin sjølvsagte plass. «Trassvisa hennes Tora» og, i særleg grad, «Ved Rondane» er sterke tolkingar sjølv til Slettahjell å vera. Førstnemnde skil seg frå tolkingar som ein finn dusinet av. Her er ikkje eit snev av svulstig inderleg, og mellom tredje og fjerde strofa serverer Ulvo eit makelaust kor. Det heiter at ein ikkje joikar om ein person, men joikar personen. Her spelar Ulvo Tora.
«Ved Rondane» represen-
terer eit nasjonalromantisk høgdepunkt. Kor mange tolkingar som er innspelte, har eg ikkje tal på, men kvartetten har nærma seg tekst og musikk på unikt vis – som eit tapt paradis, ikkje som ei overveldande naturoppleving der og då. Dei ligg resignert bakpå, og Ulvo skapar på minimalistisk vis spenning ved å tvihalda på enkelte figurar.
Det har blitt ufortent lite Fiske og Hausken, men dette er eit kollektivt løft, og dei er diskrete, men perfekt til stades. Svært vellukka, om nokon framleis er i tvil.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»