Musikk
Særmerkte tolkingar
Susanna og David Wallumrød har handplukka repertoaret.
David og Susanna Wallumrød er søskenborn.
Foto: Anne Valeur / Susanna Sonata
Vokal og piano eller andre tangentinstrument er ein vanleg kombinasjon i ulike sjangrar. I norsk jazz har ein mange vellukka døme frå jazzsoga. Framleis står vel Duplex Ride (1998) med Bugge Wesseltoft og Sidsel Endresen som sjølve tuntreet. Susanna har også noko å visa til i denne samanhengen. Dolly Partons «Jolene», som ho spelte inn saman med Morten Qvenild, står seg godt jamført med tallause versjonar av denne klassikaren.
Godt og modig
Duoen har gjort ein god og modig jobb i å plukka repertoar. Modige har dei vore fordi dei har valt låtar som i utgangspunktet har legendariske tolkingar, men dei kjem vel frå både Leonard Cohens «Chelsea Hotel», Joni Mitchells «This Flight Tonight» og – i særleg grad – Neil Youngs «Wrecking Ball». Denne versjonen er så skjør og gjennomsiktig at ein kjenner at det heile er på nippet til å falla saman.
Duoen legg inn nokre pausar på tampen, der tida står stille. Også «Johnsburg, Illinois» av Tom Waits har eit nake og sårbart uttrykk. Her følgjer David den enkle harmoniseringa til Waits. Låten «Underground», også den av Waits, forsvarar sin plass i repertoaret med eit herleg Fender Rhodes-kor av David.
Rosina i pølsa
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.