Musikk
Sareptas krukke
Keith Jarrett byr på den lyriske sida av seg sjølv.
Sommaren 2016 spelte Keith Jarrett fem solokonsertar i løpet av to veker. Den første konserten blei spelt i Budapest 3. juli og den siste i München 16. juli. Båe konsertane er gjevne ut på plate – og melde i Dag og Tid. No er den andre konserten på turneen utgjeven. Datoen er 6. juli, og staden er Bordeaux i høve jazz- og vinfestivalen der.
Å gje ut tre solokonsertar frå same turné kan gje kommersiell meining sidan det gjeld Jarrett, og det same er tilfelle kunstnarleg. Desse konsertane er så ulike at ein utan vidare fangar skilnaden. I alle tre konsertane finn ein likskapstrekk i oppbygginga. I første delen brukar Jarrett det store lerretet alle tre stadane, men på det første kuttet får me ein klar indikasjon på kva som kjem.
I Budapest møtte me den ekspressive Jarrett. I Bordeaux er det den lyriske utgåva som dominerer. Det er kanskje ikkje rett å nytta karakteristikken lyrisk eine og aleine. Det er noko flyktig i delar av improvisasjonane som fascinerer. «Part II» er eit illustrerande døme. Ein kjenner heile tida på ei uvisse om kva retning det ber. «Part IV», som er eit av høgdepunkta, byggjer seg opp med den karakteristiske intensiteten i høgrehanda, men dette blir kontrastert gjennom få lagnadstunge akkordar i det aller djupaste registeret. I tillegg tek Jarrett seg god tid å setja punktum. På sitt aller mest lyriske er han i «Part VI» og «Part VII».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.