Musikk

Samspelt ensemble

På Inner View er komposisjonane i framgrunnen.

Multiverse med Anders Lønne Grønseth til høgre.
Multiverse med Anders Lønne Grønseth til høgre.
Publisert

Musikken på Inner View er frå same innspelingsperiode som Outer View som kom i fjor. David Skinner har rett nok lagt på karakteristiske tangentklangar i etterkant, men dei to platene er i stor grad sydde over same lesten. Grønseth har skrive alt materialet, ein tredelt suite som opnar ballet med fem frittståande låtar.

Idealet til Grønseth er at av denne samlinga av fem musikalske «mikrounivers» skal det danna seg eit «multivers», ei kreativ samansmelting. På sitt beste kan ein med rette bruka dette bilete på den musikalske skapingsprosessen. Avslutningssporet «Bi litt!» er det beste dømet. Her får både Grønseth, Powell og Berg utfalda seg utan at dei kompositoriske rammene hemmar. Likevel er det samla inntrykket at Grønseth som komponist og arrangør set eit tydelegare preg på denne plata enn på dei tre førre Multiverse-utgjevingane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement