Rustikt raffinement
Hjå Telemann er det mangfaldet som utgjer einskapen.
Bondske rytmar og melodiar førekjem hjå Telemann. Her Pieter Bruegel den eldres (1525–1569) måleri «Bondebryllaupet».
CD
Georg Philipp Telemann:
The Complete Grand Concertos
La Stagione Frankfurt; dir.: Michael Schneider. CPO 2021
Italiensk ekstravaganse, fransk eleganse, tysk grannsemd og polsk råskap: Alle desse stiltrekka kjem saman i Georg Philipp Telemanns (1681–1767) gruppekonsertar, der den seinbarokke komponisten syner ein variasjonsrikdom som jamvel overgår J.S. Bachs «Brandenburgkonsertar».
Barokkorkesteret La Stagione Frankfurt, der fløytisten Michael Schneider dirigerer, gav mellom 2014 og 2019 ut seks album med desse verka. No får me alle CD-ane i éin boks. Ein fest har ho vore, den sju timar lange lyttinga – mest på grunn av Telemanns kompositoriske idérikdom, sjølvsagt, men òg på grunn av La Stagione Frankfurts friske tolkingar, som struttar av speleteknisk overskot.
Stilmangfald
Korleis skal me skildra verktypen på platene? Paradoksalt nok er det mangfaldet som utgjer einskapen. The Complete Grand Concertos for Mixed Instruments er den fulle tittelen på CD-boksen. Grand concerto er den engelske omsetjinga av det italienske concerto grosso, der ei soloinstrumentgruppe spelar vekselvis mot og med resten av orkesteret. Verkforma fann si klassiske utforming hjå Arcangelo Corelli i Italia på slutten av 1600-talet, men då i rein italiensk stil for strykeinstrument.
Telemanns forteneste nokre tiår seinare var for det fyrste å inkludera ein klangfargerik bukett av blåseinstrument, som blokk- og tverrfløyte, ulike oboar, fagott, horn, trompet og chalumeau (ei tidleg form for klarinett). Dette syner fransk påverknad, noko som fører oss til Telemanns andre forteneste, nemleg den samansmeltinga av dei ulike nasjonalstilane eg nemnde i byrjinga. Særleg bruken av barske rytmar og beiske harmoniske vendingar frå polsk folkemusikk gjev finalesatsane ein eksotisk schwung.
Mus og elefant
Form- og besetningsmangfaldet gjer at me ikkje kan kalla dette concerti grossi i streng forstand. Eit betre omgrep er gruppekonsertar. La meg nemna nokre høgdepunkt, og starta med det storfelte.
I Konsert for tre trompetar, paukar, to oboar og orkester i D-dur (CD 2) oppstår heftige dynamiske kontrastar mellom den klangsterke kvartetten av militærinstrument (paukar og trompetar) og dei mildare strykarane. Elegant rokokko får me i Konsert for to tverrfløyter, solofiolin, solocello og orkester i D-dur (CD 3). Den polerte klangen av fløyter og fiolin in unisono (der dei spelar den same melodien samstundes) er konfekt for øyro.
Favorittverket mitt er også det særaste: «Grashoppesymfonien» i D-dur for pikkolofløyte, tverrfløyte, obo, chalumeau, to kontrabassar og strykarar (CD5), som syner Telemanns lune sans for humor. Sistesatsen presto er ein brumlande polsk bondedans. Den skjemtefulle konserteringa mellom pikkolofløyte og kontrabass lèt som ei tevling mellom mus og elefant – kven andre enn Telemann finn på slikt?
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement