Rotevatn overtyder
Ojkos er eit spanande orkester av jazzkomponistar.
Ojkos er eit orkester for profesjonelle jazzkomponistar i etableringsfasen som held til på Austlandet.
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Jazz
Ojkos:
Mensa Rotunda
Henriette Hvidsten Eilertsen, fløyte og altfløyte; Camilla Hole, sopransaks; Tina Lægreid Olsen, barytonsaks og bassklarinett; Richard Köster, Tancred Heyerdahl Husø og Lyder Øverås Røed, trompet; Magnus Murphy Joelson, Johannes Fosse Solvang, Andreas Rotevatn, trombone; Arne Martin Nybo, gitar; Mark McCormick, gitar og elektronikk; Kristoffer Håvik, tangentinstrument; Knut Kvifte Nesheim, vibrafon; Alexander Hoholm, bass; Eivind Helgerød, trommer. Odin
Ojkos blei initiert av Østnorsk jazzsenter i 2018. Ideen bak prosjektet var ikkje berre å samla eit stort band, men også å setja krav til deltakarane om at dei skulle skriva for bandet. Sjølv om pandemien også her har vore sand i maskineriet, har bandet realisert fleire prosjekt. To av desse er innspelte på plate, og båe presenterer musikken til trombonisten Andreas Rotevatn frå Nordfjordeid.
Alea iacta est kom i 2020, og Mensa Rotunda er meir frå den musikalske hagen til Rotevatn. Floraen i denne hagen er i sanning rikhaldig. Rotevatn er påverka av mange og høgst ulike inspirasjonskjelder. Samstundes har han sansen for tema som fell lett i øyra, og den intense grooven.
Han lar dei ulike seksjonane spela små frasar opp mot einannan, eller dei avløyser kvarandre og omformar frasane. Aller best er Rotevatn med låten «Drosi is real» – eit lite verk i verket der basslinja gjer susen – eller «Jakta på den mytiske idealkvinne frå ferdaminna til Aasmund Olavsson Vinje», som det heiter i presseskrivet. Røed spelar eit framifrå trompetkor.
Det går i medium og raske tempi, men Rotevatn viser også at han er komfortabel med balladen. Det Nesheim og Håvik gjer på «Morning in Novgorod» og introen på «Einsemdi», med Eilertsen i spissen, er lyriske perler. Dei improviserte partia, som for det meste er relativt korte manifestasjonar, er ein integrert del av det musikalske forløpet.
Ojkos er eit viktig initiativ, og Rotevatn ein spanande komponist og arrangør.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.