Musikk

Romantisk og minimalistisk

Komponisten Refseth sit i førarsetet.

Karl Ivar Refseth er busett i Berlin og spelar i fleire band ved sida av solo?prosjektet.
Karl Ivar Refseth er busett i Berlin og spelar i fleire band ved sida av solo?prosjektet.
Publisert

Refseth kjem frå Brøttum i Ringsaker, men har for tida Berlin som base. Her deler han tida si på ulike prosjekt, som indierockbandet The Notwist, Gisbert zu Knyphausen, Tied & Tickled Trio, hans eigen trio og soloprosjektet som denne plata er det første døme på.

Unfolding er sett saman av 14 låtar, og Refseth har signert 13 av dei. I tillegg har han gjort ein fabelaktig, nærast avmålt versjon av den gamle spiritualen «We Shall Overcome». Komposisjonane er for det meste av ny dato.

Refseth har jobba grundig med kvar enkelt låt. Desse låtane har hatt fleire versjonar før han meinte at komposisjonen hadde funne forma som var rett å spela inn. I denne prosessen brukte han medprodusenten Morten Quenild aktivt, og etter det ein kan forstå, har det blitt sendt ein del e-post/SMS-ar mellom Berlin og Oslo før materialet endeleg fann si form.

Melodiane står sentralt på denne plata. Dei minimalistiske arrangementa er med på å understreka dette. «Ein Stahlwerk» er vel det beste dømet på akkurat dette. Refseth fell ikkje for freistinga å gjera nokre av låtane om til utgangspunkt for improviserte oppdagingsferder. Det er først og fremst ein styrke med plata, sjølv om den ostinatdrivne «Laura And Steve» kanskje hadde hatt godt av ein rundtur i improvisasjonens umerkte landskap.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement