Musikk
Romantikkens Urdarbrunn
Ein guida tur i laboratoriet til Roggen og Nyhus.
Live Maria Roggen og Ingfrid Breie Nyhus byr på ein musikalsk dekonstruksjon, skriv Lars Mossefinn.
Foto: CF Wesenberg
Live Maria Roggen kjenner mange frå kvartetten Come Shine og soloprosjekta Circuit Songs og tingingsverket til Vossa Jazz i 2015, Apokaluptein. Ingfrid Breie Nyhus har skapt seg eit namn mellom anna gjennom dei to platene Slåttepiano (2015) og Slåttepiano II (2021), og det særs vellukka samarbeidet med Unni Løvlid og Anne Hytta om plata Unamna (2022).
Skrymt er ikkje ein freistnad på å finna eit uttrykk i ein samnemnar for desse referansane. Plata byggjer vidare på EP-en Demanten, seks særmerkte tolkingar av romansar av Jean Sibelius med tekstar av mellom andre Gustaf Fröding, Josef Julius Wecksell og Johan Ludvig Runeberg.
Å seia at Skymt «byggjer vidare på», er tilslørande. Her er det snakk om ein musikalsk dekonstruksjon, eller som dei seier i pressemeldinga: «å zoome inn og zoome ut på ulike nivåer av hva sangen kan handle om, og å lete i ulike måter å uttrykke dette på». Duoen tek det fleire steg vidare: «det er ikke opphavshistoriene som lenger står i sentrum; snarere å lete etter hvilke nye skjul, lysninger og bevegelser de gamle understrømmene kan lede inn i».
Som lyttar kan ein gjerne søkja etter trådane attende til utgangspunktet, eller ha dette som bakteppe, men Skymt kan med stort utbytte lyttast på fritt for desse referansane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.