JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Rolling Stone Blues

Om Hackney Diamonds vert siste plate frå The Rolling Stones, så går dei ut med stil.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ronnie Wood, Mick Jagger og Keith Richards då det nye albumet vart lansert i London 6. september.

Foto: Dave Hogan / Hogan Media / Shutterstock

3626
20231020
3626
20231020

Rock

Rolling
Stones:

Hackney Diamonds

Universal

«He’s going to be a rollin’ stone», syng Mick Jagger i «Rolling Stone Blues», idet det dagsferske albumet til The Rolling Stones tonar ut. Avslutninga er alt anna enn tilfeldig. Muddy Waters (1913–1983) spela inn låten, ein vri på «Catfish Blues», i 1950, og det har ikkje vore uvanleg å spore «Rollin’ Stone» tilbake til Mississippi-deltaet på 1920-talet.

Når Hackney Diamonds heilt på tampen feirar tradisjon og kontinuitet, skjer det med eit nikk til inspirasjonskjeldene som har vore viktige for bandet heilt sidan dei først kom saman for meir enn seks tiår sidan.

Det lyder som det skal, og «Rolling Stone Blues» kunne passa greitt inn mellom tolkingane på Blue & Lonesome (2016), førre plate frå bandet, men det som verkeleg gjer årets utgiving til stort nytt, er jo at dei for første gong sidan 2005 byr på nyskrivne songar. Korleis er kvaliteten?

Treffer blink

Rockaren «Angry» og gospelballaden «Sweet Sound of Heaven» har fungert som smakebitar, og førsteinntrykket desse gav, held seg i møtet med Hackney Diamonds: Om dette altså vert siste utgiving med nye songar frå denne kanten, og det vert det vel, går karane ut med stil.

Albumet er vesentleg betre enn A Bigger Bang, som altså kom for nesten to tiår sidan, og eg føretrekker det også framføre Bridges to Babylon (1997). Når det er sagt, er eg neppe åleine om på sikt å ville føretrekke å setje på nesten kva som helst slags plate The Rolling Stones laga på 1960- og 1970-talet framfor Hackney Diamonds. Det er eigentleg påfallande kor sentral plass bandet har hatt trass i kor lite nytt dei har kome med sidan 1980-talet ­– materialet frå gullalderen har vorte resirkulert endelaust og halde seg godt. Dermed ligg alt til rette for ein generisk reproduksjon av ein klassisk Stones-estetikk, med alt det inneber av tropar, riff, og fakter, og med det som mål treffer årets album blink.

Mick Jagger (80) syng som han skal, Keith Richards (79) er umiskjenneleg med gitararbeidet, og Ronnie Wood (76) leverer som forventa – om ein av dei to første skulle falle frå, gir det ikkje lenger meining å gjere bruk av bandnamnet. Steve Jordan erstattar trommis Charlie Watts, som døydde for to år sidan, men Watts rakk å vere med på eit par låtar her. Og jammen dukkar ikkje også Bill Wyman (no 86 år), som var med i bandet til litt utpå 1980-talet, opp på ein song.

Oppsummerer

I det heile har Hackney Diamonds noko oppsummerande ved seg, der gamle og nye venner kjem innom, mellom dei Stevie Wonder, Paul McCartney og Elton John. Ei vel så viktig rolle spelar likevel produsent Adrian Watt, som også trakterer ei heil rekke instrument og faktisk eit par stader er kreditert som medforfattar og medkomponist – han er overalt her.

Det gnistrar verkeleg av gitarane på «Get Close», og låten får eit lite løft når James King får rom til å kline til med ein saksofonsolo.

«Dreamy Skies», der Benmont Tench er med på hammondorgelet, er ein ganske uimotståeleg Exile on Main Street-pastisj.

Sjølv har eg alltid vore svak for Keith Richards-balladane, denne gong representert ved «Tell Me Straight», som er hakket meir tilbakelent enn mykje av det riffdrivne materialet her. Eit par stader er Hackney Diamonds litt meir på det jamne, og låtane framstår som anonyme, men hovudgrepet – å reindyrke Stones-essensen, utan for mange fakter og påfunn – viser seg å vere ein velfungerande strategi, no som før.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis