Musikk
Ringen er slutta
Music for a While har sett bumerke på elleve nye klassikarar.
Med Essays avsluttar Music for a While ein trilogi der Graces That Refrain (2012) og Canticles of Winter (2014) var dei to første. Gjennom desse tre platene har dei teke for seg den europeiske klassiske songtradisjonen og stort sett plukka frå øvste hylle.
Prosjektet er ambisiøst, men dei har funne eit sams tolkingsfundament som står nær originalen, men også tilfører dette repertoaret ein «Music for a While-faktor». Denne faktoren har sjølvsagt med instrumentariet å gjera, men kanskje mest med at bandet ikkje er vokal med komp, men eit ensemble der eit av medlemene syng.
Den raude tråden gjennom Essays er tekstar om kjærleik, mange slags kjærleik, og musikkfølgjet er minst like mangfaldig, men det er hovudvekt på sår ettertanke og lengt. Tidsspennet går frå Claudio Monteverdi (1567–1643) til den fransk-amerikanske komponisten og pianisten Carl Engel (1883–1944).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.