Musikk

Riedel opp og i mente

Vellukka samansmelting av saksofontrio og strykekvartett.

Fredrik Lindborg Trio & String Quartet er ute med plate nummer to.
Fredrik Lindborg Trio & String Quartet er ute med plate nummer to.Fredrik Lindborg Trio & String Quartet er ute med plate nummer to.
Publisert

Georg Riedel og familien flykta frå Karlovy Vary i 1938. Den korte soga er at han etter kvart blei ein leiande musikar i svensk jazzliv, der samarbeidet med Jan Johansson på Jazz på svenska er det ikoniske høgdepunktet. I tillegg er han òg ein folkekjær komponist som har sett musikk til filmar med Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget og Alle vi barna i Bakkebygrenda.

Andre plata

På denne plata har Riedel komponert musikk spesielt for denne septetten. Dette er den andre plata til ensemblet. Den første plata A Swedish Portrait inneheldt musikk av barytonsakslegenda Lars Gullin. Riedel var eit naturleg steg nummer to. Dei åtte Riedel-komposisjonane har fått eit musikalsk apropos frå kvart av medlemene i septetten i tillegg til Riedel sjølv. Dette er korte manifestasjonar som anten legg seg tett opptil inspirasjonskjelda eller er meir musikalsk frittgåande.

Vakkert

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement