Rett på sak
Trioen får fram det beste i musikken til Anders Aarum.
Anders Aarum flankert av Hermund Nygård (t.v.) og Jens Fossum.
Foto: Lillian Julsvik
Jazz
Anders Aarum trio:
Oslo Puzzle
Anders Aarum, piano; Jens Fossum, bass; Hermund Nygård, trommer
Ozella Music
Anders Aarum er eit velkjent namn for jazzinteresserte flest. Ikkje fordi han har hyllemeter med plater i eige namn, men fordi han er ein av dei mest brukte kompmusikarane her til lands. Folk veit kva dei får når dei leiger inn Aarum, ein musikar med store øyro og brei kunnskap, men også interessante ting å melda som solist.
For fire år sidan gav han ut Shakin’ Our Souls (Ozella) – ei plate meir dansevenleg enn opprivande. I 2019 brukte Aarum Fender Rhodes og synthen meir enn flygelet. På Oslo Puzzle er det motsett. Her har Aarum følgje med Fossum og Nygård. Desse tre har vore grunnstamma i sundagsjammen på Osloklubben Herr Nilsen i 15 år. Dei har garantert ikkje brukt mykje tid på å få samspelet til å sitja. I «Jason Paradisa & The Beautiful Fire», ein låt i rubato tempo, kjem dei inn eller glir ut av lydbiletet med perfekt timing.
Det er likevel ikkje eit typisk jamrepertoar dei serverer, men ti originalkomposisjonar førte i pennen av Aarum. Det er eit spenn i komposisjonane som gjer at ein får naudsynt variasjon i det klassiske trioformatet. Dei går frå ein New Orleans-inspirert groove i «Tune in, Drop out!» via den vakre Evans-påverka «Spaghetti Junction» til den seige bluesen «Ivory Tower».
Aarum er sjølvsagt hovudsolist og serverer mange pregnante bidrag, men han er særleg uutgrundeleg i «Drachmann’s Point of View». Også Fossum og Nygård får sagt sitt, spesielt i «Pata Paso» (anar ein eit vink til Miriam Makeba i temaet?). 15 års musikalsk samliv på Herr Nilsen gjev resultat.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.