Musikk
Rett musikk i rett rom
The Delines hadde turnépremiere i Asker tysdag.
Publikum kom tett på The Delines i Multisalen i Asker kulturhus.
Foto: Øyvind Vågnes
Å syngje om det tynnslitne håpet, med innleving og truverd, kveld etter kveld – det krev sitt. Og for alle som var på konsert i Asker kulturhus tysdag kveld, vart det tydeleg at Amy Boone, vokalisten i The Delines, har ei sjeldan evne til nett det. Då siste ekstranummeret tona ut, ein overrumplande nær versjon av «Let’s Be Us» frå ferske The Sea Drift, var det så stille i Multisalen som det kan bli i eit rom når eit band står på ein scene.
Godt, då, at det var hit The Delines hadde lagt turnépremieren, før turen ber vidare til ei rekkje europeiske storbyar, med nokre og tretti spelejobbar fram til midten av juli, inkludert stopp på Paradiso i Amsterdam, Union Chapel i London og festivaldeltaking på Isle of Wight – men først altså Asker, som einaste by i Noreg.
Formidabel låtskrivar
Willy Vlautin – som også skriv gode romanar – er ein formidabel låtskrivar og skreddarsyr forteljingar som Boone gir røyst til med unik presisjon. Somme lesarar vil kjenne Vlautin frå Richmond Fontaine, bandet han leia frå midten av 1990-talet og fram til for nokre få år sidan, som laga fleire kritikarroste plater. Etter ei av dei, Post to Wire (2003), turnerte Boone med bandet, og det fekk Vlautin til etter kvart å lage eit nytt band med eit uttrykk som sirklar rundt hennar røyst.
Med seg frå gamlebandet fekk han Sean Oldham på trommer og Freddy Trujillo på bass, som er akkurat lause nok i kompet til den balladedrivne, sørstatsorienterte countrysoulen The Delines lagar. Essensiell er også femte medlem i bandet, Cory Gray, på tangentar og trompet – i Asker spelte han fleire gonger på begge delar på ein gong, eitt instrument med kvar hand. Gray tilfører musikken mykje, som arrangør, musikar og også som komponist – av den stemningsfulle instrumentalen «Lynette’s Lament», også frå The Sea Drift, som kom vel halvvegs ut i settet på tysdag.
Tett på
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.