Musikk
Reint og aksentfritt
Aust-Japans Bach-kantatelag høyrdest ikkje ut som amatørar.
Den nye Paulinerkirche, som blei vigsla i 2017, har ypparleg akustikk.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Til den andre av dei 16 koralkantatekonsertane henta Bachfest eit kor frå hi sida av kloten, nemleg Aust-Japans Bach-kantatelag, som er ei samanslutning av tre japanske amatørkor. Saman med Pauliner Barockensemble, husbarokkorkesteret til Leipzigs universitetskyrkje St. Pauli framførte dei tre koralkantatar. At japanarane er amatørar, kunne ingen høyra, for dei song reint og sterkt og heilt utan aksent. Bach er elles særs stor i Japan. Landet har eit av dei beste Bach-orkestera i verda (Bach Collegium Japan), og Bachfest har kvart år eit talrikt japansk stampublikum.
Sprengd 1968
Universitetskyrkja (kalla Paulinerkirche på folkemunne) er spesiell. Mellomalderkyrkja som stod her på Bachs tid, blei sprengd av kommunistane i 1968. Den nye blei vigsla i 2017. Ho leikar med gotiske formprinsipp, er heilt kvit inni, og det som blei berga av kyrkjekunst før sprenginga, har atter fått plass i koret.
Akustikken er ypparleg til barokkmusikk av typen me fekk høyra sist laurdag. Den fyrste kantaten, Meine Seel erhebt den Herren, BWV 10, er ei tonesetjing av Marias lovsong frå Lukasevangeliet. Denne er meir kjend under det latinske namnet, Magnificat, men Bach har her altså nytta Luthers tyske omsetjing. Melodien som ligg til grunn for opningssatsen, er den gamle gregorianske songen, som dei japanske korsopranane framførte tydeleg med uthaldne notar. I femtesatsen, ein duett for alt og tenor, kjem den gregorianske melodien att, denne gongen på trompet.
Speleglede
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.