JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Reindyrka eleganse

Utgangspunktet er folkemusikk. Resultatet er ein stad mellom kammermusikk og pop.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1765
20231020
1765
20231020

Folkemusikk

Gjermund Larsen Trio:

Tøyen Sessions

Gjermund Larsen, fele; Andreas Utnem, piano: Sondre Meisfjord, kontrabass
Heilo

Gjermund Larsen har lenge vore ein av våre fremste folkemusikarar på vanleg fele. Han har bakgrunn frå eit sterkt folkemusikkmiljø i Verdal i Trøndelag. (Broren Einar Olav Larsen er òg ein framifrå felespelar.) Men på denne plata presenterer han utelukkande eigne komposisjonar. Nokre av dei har tidlegare vore presenterte som delar av ymse tingingsverk, og titlane refererer ofte til naturstemningar.

Folkemusikkpåverknaden er mest tydeleg gjennom frasering og ornamentering på fela. Men elles er det så mykje anna som pregar denne musikken: Klangleg læt det som ein førsteklasses kammermusikktrio, medan harmonikk og bassgangar kunne vore henta frå ei av dei mange velprodusert visepopplatene som kjem ut om dagen. Andreas Utnem har tidlegare spelt trøorgel i denne trioen, men her held han seg berre til piano, noko som er med på å styrka assosiasjonane til akustisk popmusikk.

Det er med andre ord tale om ei polert form for musikk, men i positiv tyding. Alt er utført lett og elegant, heller ikkje i teknisk krevjande passasjar, og det er ingenting som skurrar eller kan verka provoserande.

Formmessig er musikken luftig. Musikarane tek seg god tid og er ikkje redde for å gje kvarandre rom. Det er ingenting hektisk eller masete her, heller ikkje i dei meir energiske partia. Dette er ei form for folkemusikk som ikkje er attendeskodande, men heller ikkje eksperimentell. Det er dyrkinga av det vakre og elegante som står i fokus heile tida.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis