Musikk
Råskap og raffinement
Pianisten Håvard Gimse briljerte på Harald Sæveruds draumestøl i Fana.
Med hemnlyst og råskap skal «Kjempeviseslåtten» spelast. Glasvindauga dirra av Gimses harde anslag.
Foto: Thor Brødreskift
Å kalla staden ein støl må vera den største underdrivinga i norsk musikkhistorie. Det rurale palasset Siljustøl er på 900 kvadratmeter, fordelt på 63 rom med spesialdesigna interiør, mellom anna 83 unikt dekorerte dører. Då anlegget stod ferdig i 1939, var det Noregs største privatbustad. Komponisten gifte seg godt – både huset og den nærare 200 mål store eigedomen var ei bryllaupsgåve frå svigermor hans.
Siljustøl er i dag museum. Det vil seia: Huset er delt i to, med ein privatdel, der Sæveruds son Sveinung bur, og ein museumsdel, der konsertar av den typen me opplevde førre fredag, finn stad. Desse intimkonsertane i komponistheimane i Bergen (Edvard Griegs Troldhaugen og Ole Bulls Lysøen er dei to andre) plar vera høgdepunkt under Festspillene i Bergen.
I år blei Siljustøl-konserten ekstra intim: Berre ti gjester fekk vera til stades då Håvard Gimse presenterte eit utsøkt utval nordiske klaverkomposisjonar, mellom dei somme som sjeldan blir framførte. Huskonserten var minneverdig både med tanke på det reint musikalske og for den sympatiske tonen som solisten introduserte verka sine i. Ja, for stykka verka som Gimses eigne – han har internalisert dei på ein måte som gjorde kvar tone ektefølt. Ei framføring med så god balanse mellom det grundig gjennomtenkte og det spontane opplever eg sjeldan.
Sæverudsk
Programmet blei opna og avslutta med husherrens verk. Småfugl-vals, op. 18 nr. 2, er typisk for Sæverud: For det fyrste er det den insisterande melodien, som liksom strittar imot akkompagnementet og ynskjer å fri seg frå det. For det andre er det den spede klaversatsen, altså det at akkordane har få tonar. Det tredje typiske er registerbruken i klaveret, for hjå Sæverud føregår det meste i mellom- og toppregisteret, utan særskilt bruk av bassklangar. Desse momenta gjer det samla klanguttrykket smalt og fornemt – ikkje ulikt Sæveruds eiga fysiske og åndelege framtoning. Som Gimse sjølv påpeika: «Det var alltid noko aristokratisk over den mannen.»
Etter ei kraftfull framføring av Sæveruds Hamar-Tor slåtten, op. 24 nr. 5, tok Gimse oss til Litauen. Mikalojus Ciurlionis (1875–1911) var både målar og komponist; i fyrstnemnde kunstart går han for å vera symbolist, medan komposisjonane høyrer seinromantikken til. Det gjeld særleg Preludium i H-dur, VL 186, som lét ganske griegsk – og litt ordinært.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.