Musikk

Radioheadsk

Det andre albumet til The Smile glir fint inn i Radiohead-diskografien.

The Smile: Jonny Greenwood, Tom Skinner og Thom Yorke.
The Smile: Jonny Greenwood, Tom Skinner og Thom Yorke.
Publisert Sist oppdatert

Kva er det eigentleg som skjer når ein vandrar rundt i bygatene i snøkaven med røysta til Thom Yorke på øyret? Kanskje noko med blikket mot denne skjøre sivilisasjonen ein fører seg fram i, prega som han er av vinterkaoset – i alle fall når ein har ein tendens til å ta rockemusikk litt for alvorleg, slik eg gjer.

Dermed har eg lytta til Wall of Eyes – det nye albumet frå The Smile – på same måte som platene til Radiohead, og tenkt at musikken går inn i same diskografi, eit stadig ekspanderande lydspor som har ein særeigen plass i populærmusikken i vårt hundreår.

Kreativ drivkraft

I The Smile finn vi dei sentrale kreative drivkreftene i Radiohead – Yorke og gitarist og multi-instrumentalist Jonny Greenwood – saman med jazztrommis Tom Skinner.

Omslagskunsten til Wall of Eyes er laga av Yorke og biletkunstnaren som har definert Radioheads visuelle identitet, Stanley Donwood. I møtet med ein song som den formidable «Teleharmonic» er ein tilbake i eit umiskjenneleg Radioheadsk univers, både musikalsk og tekstmessig. Det same kan ein seie om storparten av dette albumet, eigentleg – høyr til dømes på den flytande, bassdrivne «I Quit», med milde strykarar.

Dette universet fann sine grunnleggjande konturar då førre tusenår nærma seg slutten. Angsten ein høyrer når ein lyttar til OK Computer (1997), kjennest to tiår seinare nærast komisk profetisk, skreiv Amanda Petrusich i The New Yorker for sju år sidan, då Radiohead pusta støv av storverket.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement