Musikk

Punkete heismusikk til himmels

Machine Girls musikkspor til det himmelske spurtespelet Neon White står støtt på eigne bein.

Publisert

New York-duoen Machine Girl spelte nyleg ein katarsisk konsert med trykk og energi, mykje headbanging og ein del stagediving på Blå i Oslo.

Musikken vert ofte kalla digital hardcore, og medan dei live, med trommer, elbass, skrikevokal og programmerte synth- og samplespor, framstår som svært punk-, metal- og rockeband-aktige, har studioutgjevingane eit meir dansbart preg, med fengjande melodiar framført med new age- og fusionjazzaktige synthlydar i hovudrolla – rett som det er akkompagnert av vrengde gitarar, hyl og skrik og intense rytmar, vel å merke.

Himmelsk

Musikken dei har laga til spelet Neon White, som går føre seg i himmelriket, høyrest heller himmelsk ut, men på ganske tvitydig vis.

I spelet lyt ein ta beina på nakken og jakte ned demonar som prøver å forstyrre den himmelske freden, og den energiske musikken passar perfekt til stilen i spelet.

Dei som kjenner til dei klassiske Sonic-spela frå 90-talet (som nyleg kom ut i renovert utgåve i Sonic Origins), vil kjenne att både den heseblesande kjernen i spelet og blandinga av intense rytmar og fengjande synthliner i musikken. (Eit artig apropos: Musikken til Sonic 3 frå ’94 blei medkomponert av Michael Jackson.)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement