JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Prøvesteinen

Semperconsort spelar florentinsk fiolinmusikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Byprospekt (utsnitt) av Firenze, måla av August Ahlborn (1796–1857) i 1832.

3157
20240223
3157
20240223

CD

Antonio Veracini:

Trio Sonatas Op. 1

Semperconsort; Luigi Cozzolino, fiolin og leiing. Brilliant 2023

Eg blei overraska då eg sette dette nye albumet i spelaren og byrja å lesa i omslagsheftet. På framsida står det nemleg berre Veracini: Trio Sonatas Op. 1. Eg gjekk ut ifrå at musikken var av Francesco Maria Veracini (1690–1768), ein av 1700-talets fremste stjernefiolinistar, som òg laga framifrå kammermusikk. Men komponisten er altså onkelen hans, Antonio Veracini (1659–1733). At Veracini-familien var eit musikardynasti i Firenze, med fiolinvirtuosar gjennom minst tre generasjonar, var nytt for meg.

Florentinsk er også Semperconsort, der Luigi Cozzolino spelar fyrstefiolin. Ensemblet har no spelt inn Antonio Veracinis opus 1, som består av ti triosonatar for to fiolinar og basso continuo. Den sistnemnde stemma, ei besifra bass-stemme, har besetninga cello, teorbe (basslutt), cembalo og orgel. Triosonatar kan, som eit minimum, framførast av tre musikarar. Men Semperconsort nyttar altså dobbelt så mange, noko som gjer klangbildet kraftigare, og – ved å leggja til eller ta bort instrument – gjev høve til styrke- og klangvariasjonar.

Storhertuginne

Antonio Veracini stod i teneste hjå Vittoria della Rovere, storhertuginna av Toscana, og det var til henne opus 1 blei dedisert i 1692. Stilistisk minner musikken om den til Arcangelo Corelli, som var Italias mest kjende instrumentalkomponist kring 1700. Både Corelli og Antonio Vivaldi debuterte forresten også med triosonatar, i høvesvis 1681 og 1705, for forma blei sett på som ein prøvestein for unge komponistar.

Idealet i trioar er at dei to fiolinane skal spela ei likeverdig rolle, og om bass-stemma også får ta del i den melodiske utviklinga, er det endå betre. Berre godt skolerte tonekunstnarar greidde slikt.

Meir ornamentikk

Antonio Veracini var openbert velskolert. Han rår godt over det musikalske materialet, og syner stundom særdrag. Melodiane i dei snøgge satsane har ofte noko staseleg og fanfareaktig ved seg. Andresatsane er alle i kontrapunktisk, fugeaktig stil, med god balanse mellom stemmene.

Mest særpreg er det over den rapsodiske fyrstesatsen i Sonate nr. 4 i e-moll (spor 13), som i løpet av berre halvtanna minutt vekslar seks gonger mellom adagio (roleg) og presto (snøgt). Sjarmerande er Sonate nr. 5 i C-dur (spor 17), som byrjar utan bass og kling elegant som ein fiolinkonsert.

Semperconsort spelar solid, men særleg original er tolkinga ikkje. Dei snøgge satsane kling best. Men i dei rolege satsane, kunne dei ikkje der ha improvisert fleire ornament? Affektane (kjensleuttrykka) ville då blitt tydelegare, og melodiane, som delvis er tufta på standardiserte flosklar, ville fått meir avveksling.

Når det gjeld intonasjonen til fiolinistane, merkar eg meg at enkelte topptonar kling småsurt (litt for høgt). Men dette førekjem konsekvent gjennom heile plata. Eg tenderer difor mot å tru at musikarane stemmer instrumenta sine medvite på denne måten, etter eit historisk mønster.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Leiar
Svein Gjerdåker

Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Keisam radiokanal

Beyoncés åttande er ei langdryg smørje.

NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

MusikkKultur

Sure tonar i Trondheim

Trass i skrikande mangel på organistar stogga NTNU opptaket til bachelorstudiet i kyrkjemusikk. Fleire søkjarar hadde alt prøvespelt.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis