Musikk

Pop for vår tid

Lil Nas X og Dolly Parton motverkar konservative krefter med skeiv rap og country.

Lil Nas X då han opptredde på BET-utdelinga søndag 27. juni i år.
Lil Nas X då han opptredde på BET-utdelinga søndag 27. juni i år.
Publisert

Den amerikanske artisten Lil Nas X sette nye listepoprekordar i 2019, då country-rap-songen «Old Town Road» okkuperte toppen av Billboard Hot 100-lista 19 veker på rad. Debutalbumet Montero er kalla opp etter det eigentlege namnet hans, Montero Lamar Hill.

Størsteparten av Montero består av solide popproduksjonar med enkle, fengjande melodiar og ektefølt, tidsriktig lyrikk, som i likskap med musikkvideoane og marknadsføringa, som inkluderer mannleg graviditet og sataniske Nike-joggesko, utfordrar homofobi og andre bakstreverske holdningar. Det er stort sett gode greier, bortsett frå dei svulstige, Coldplay-aktige poprockballadane «Void» og «Am I Dreaming».

Ein neve store namn har bidrege til Montero. Ved sida av Miley Cyrus, som syng på sistnemnde, finn vi Elton John og Megan Thee Stallion, som rappar på den messingforblåste traplåten «Dolla Sign Slime». Elles finst det flust med blås på plata, til dømes den dansbare fanfaren på «Industry Baby», som syner Kanye Wests evner som produsent.

Lil Nas X vende nyleg tilbake til countryrøtene sine med ein kjønnsrolleutraderande coverversjon av Dolly Partons «Jolene» live på BBC. Parton, som er ein favoritt i skeive miljø, har gitt si støtte til Lil Nas X, og i mars gjorde ho skam på pysete vaksinemotstandarar med ein variasjon over same song då ho fekk covid-19-vaksinen sin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement