Musikk

Polert klang

Ei sober tolking av Galliards sonatar.

Cembalisten Angelica Selmo og blokkfløytisten Fabiano Martignago.
Cembalisten Angelica Selmo og blokkfløytisten Fabiano Martignago.Cembalisten Angelica Selmo og blokkfløytisten Fabiano Martignago.
Publisert

CD

På ein måte er det jo best at eit album eller ein konsert blir meld av ein ekspert som av eiga røynsle kjenner instrumenta og musikken som blir spelte. På ei anna side kan dette bli problematisk, all den tid mange utøvarar er for tett på stoffet. I møte med prestasjonen til kollegaar klarer dei gjerne ikkje å leggja frå seg sine urokkelege oppfatningar om korleis instrumentet skal trakterast og repertoaret tolkast.

Slik blir det gjerne med kjenslesterke kunstnarpersonlegdomar som har nytta halve livet på å finna fram til sin eigen unike måte å nærma seg metieret på. Kall det gjerne ein hermenautisk yrkesskade.

Eksil i England

Med dette i bakhovudet nærmar eg meg som blokkfløytist det nye albumet til dei unge italienske barokkmusikarane Fabiano Martignago på blokkfløyte og Angelica Selmo på cembalo. Dei har spelt inn eit knippe sonatar av Johann Ernst Galliard (1687–1747) og to solostykke for cembalo av Henry Purcell (1659–1695).

Den fyrste komponisten treng ein grundigare introduksjon enn den andre. Galliard var mellom dei mange tyske musikarane som emigrerte til England for å freista lukka i musikkindustrien der. Industri kan det kallast av di musikklivet i London langt på veg var styrt av konsumentane og ikkje regulert gjennom hoff og bystyre, slik dei fleste tyske småstatane var.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement