Musikk
Plastisk poppastisj
Filmen Barbie er ein satire som har mangt å seie om stoda i samfunnet, der musikken står sentralt.
Den eine aktuelle popartisten etter den andre poppar opp på lydsporet, Barbie The Album. Lizzo serverer funk med spor etter Aretha Franklin på «Pink», og Dua Lipas «Dance The Night Away» er ein blytung, sukkersøt discolåt. På traplåten «Barbie World» rappar Nicki Minaj og Ice Spice i saumlaus duett over snuttar frå Aquas klassiske eurodancetyggissong «Barbie Girl» – òg ein postmoderne satire over kommerskultur.
Tame Impalas «Journey To The Real World» læt som den reinaste Wham- og Tears for Fears-hiten frå 1980-talet; «Hey Blondie» læt som Simon & Garfunkel; Karol G. slenger eit stykke bassengkantraggaeton inn i miksturen.
«I’m Just Ken», syng skodespelaren Ryan Gosling på det såre refrenget på «I’m Just Ken». «And So Am I», svarer eit kor av andre Kenar. Den grufulle smerta ved å vere mann – blink, blink – vert understreka med musikal- og power-metal-flosklar, kontrastfylte glamrock og kunstrockvendingar à la Queen på herleg banalt vis.
K(j)en(de) låtar som Janet Jacksons «Together Again» og «Crazy Towns Butterfly» vert radbrekte, og «Best Weekend Ever»-utgåva inkluderer to bonusspor: Brandi og Catherine Charlies versjon av Indigo Girls’ folkpopsong «Closer To Fine» (1989) er god, men Goslings versjon av softpopsongen «Push» fungerer ikkje utanfor filmen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.