Piano- og gitarklangen står godt til kvarandre.
JAZZ
Olga Jens Thoresen:
December Songs
Olga Konkova, piano og Jens Thoresen, gitar.
LOSEN RECORDS LOS 157–2
Fleire juleplater trengst ikkje. Det er greiast å ta fram bunken frå i fjor med kjende og kjære innspelingar når advent snart står for døra. No er det slik at denne bunken ein tek fram år etter år, ikkje alltid har vore den same. Opp gjennom åra har nokre få utgjevingar kome gjennom nålauga.
Atypisk juleplate
Eg vurderer å la December Songs få godkjendstempel og bli teken opp i det eksklusive selskapet. Utgjevinga er ei atypisk juleplate. Den typiske juleplata held seg på den harmonisk smale sti, og melodilinja er aldri langt unna. Ikkje så at ein er i tvil om kva julesongar Konkova og Thoresen spelar, men eksperimenterer gjer dei heile tida. Dei har skrudd saman ein del herlege arrangement, og dei gjev kvarandre rikeleg solistisk rom. Samspelsrøynsle har dei to mellom anna frå storbandet Denada. Det merkast heile vegen.
Godkjend
Alle elleve låtane er mellom dei mest spela, men det er ikkje ein einaste versjon som fekk meg til å tenkja på ei anna innspeling av same låt. I den frie handsaminga av stoffet greier duoen likevel å ta med seg den emosjonelle essensen i komposisjonane. Eg tek eit lite atterhald når det gjeld «Jinglebells». Bjølleklangen er ganske sær. På den andre sida er «Deilig er jorden», som også har eit ganske spesielt arrangement, høgdepunktet på plata. Her er mykje til ettertanke, men peiskosfaktoren er heller låg. Godkjendstempelet er gjeve!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
dette er ein test
dette er infotesten
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
JAZZ
Olga Jens Thoresen:
December Songs
Olga Konkova, piano og Jens Thoresen, gitar.
LOSEN RECORDS LOS 157–2
Fleire juleplater trengst ikkje. Det er greiast å ta fram bunken frå i fjor med kjende og kjære innspelingar når advent snart står for døra. No er det slik at denne bunken ein tek fram år etter år, ikkje alltid har vore den same. Opp gjennom åra har nokre få utgjevingar kome gjennom nålauga.
Atypisk juleplate
Eg vurderer å la December Songs få godkjendstempel og bli teken opp i det eksklusive selskapet. Utgjevinga er ei atypisk juleplate. Den typiske juleplata held seg på den harmonisk smale sti, og melodilinja er aldri langt unna. Ikkje så at ein er i tvil om kva julesongar Konkova og Thoresen spelar, men eksperimenterer gjer dei heile tida. Dei har skrudd saman ein del herlege arrangement, og dei gjev kvarandre rikeleg solistisk rom. Samspelsrøynsle har dei to mellom anna frå storbandet Denada. Det merkast heile vegen.
Godkjend
Alle elleve låtane er mellom dei mest spela, men det er ikkje ein einaste versjon som fekk meg til å tenkja på ei anna innspeling av same låt. I den frie handsaminga av stoffet greier duoen likevel å ta med seg den emosjonelle essensen i komposisjonane. Eg tek eit lite atterhald når det gjeld «Jinglebells». Bjølleklangen er ganske sær. På den andre sida er «Deilig er jorden», som også har eit ganske spesielt arrangement, høgdepunktet på plata. Her er mykje til ettertanke, men peiskosfaktoren er heller låg. Godkjendstempelet er gjeve!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
dette er ein test
dette er infotesten
Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.