Musikk

Pandemi-jukeboksen

Bill Callahan og Bonnie «Prince» Billy laga pandemiplate saman for ikkje å gå på veggen.

Publisert

Det finst etter kvart fleire forteljingar om kva artistar rundt om i verda føretok seg då verda gjekk inn i ein vedvarande unntakstilstand våren 2020 og dei vart nøydde til å drive med, og formidle, musikk på nye måtar.

For Bill Callahan og Bonnie «Prince» Billy utløyste manglande turnéplanar eit kreativt samarbeid der hovudmålet var å halde seg oppteken og ikkje å gå frå forstanden. Ideen var enkel: å spele nokre songar dei er glade i, saman med artistar dei likar godt, i nye konstellasjonar som kunne føre med seg nye opplevingar, for både musikarar og lyttarar.

Vekegåver

Dei tok kontakt med folk som var knytte til same plateselskap, Drag City, og prosjektet tok form, litt etter litt, idet songar gjekk fram og tilbake og ulike krefter bidrog med sitt. Materialet vart distribuert som små gåver ein gong i veka som lyttarar kunne sjå fram til, i ein slags julekalender utan jul, og no er alt samla i ei plateutgiving, passande titulert The Blind Date Party.

Heile 19 spor kom ut av dette, altså eit dobbeltalbum for dei som skaffar seg vinyl, og det ligg kanskje i konseptets natur at utfallet er mildt sagt eklektisk. Det har også gått fort, noko som tilfører spontanitet og fleire stader ei kjensle av overskot. Ambisjonar og mål varierer. Der nokre har gått djupt inn i materien, har andre mest av alt hatt det gøy. På The Blind Date Party er det noko for alle.

Kontrastrikdom

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement