På tvers
Haym var den fyrste dedikerte italienske tverrfløytekomponisten.
Den barokke tverrfløyta, som blei utvikla i Frankrike og blir kalla traversofløyte, var på 1700-talet eit symbol på det galante.
CD
Nicola Francesco Haym:
Flute Music
Cappella
Musicale Enrico Stuart;
Chiara Strabioli, traverso og blokkfløyte. Brilliant 2022
I barokken var italienarane seint ute med å bruka blåseinstrument i orkestera sine. Fram til byrjinga av 1700-talet var det fyrst og fremst strykeinstrument av fiolinfamilien som galt der i landet. Men etter kvart som franske instrumentbyggjarar utvikla meir moderne treblåseinstrument, og reisande hadde høyrt kor fine klangfargar dei tilførte strykeorkesteret, blei også barokktidas oboar, fagottar, blokkfløyter og tverrfløyter introduserte i Italia.
Særleg den barokke tverrfløyta, som er av tre og berre har éin klaff nedst, blei 1700-talets fremste moteinstrument. Slike såkalla traversofløyter var eit symbol på det galante: eit attributt for den opplyste, frankofile gentilhomme over heile Europa. Eit godt døme er den krigerske og kunstelskande kong Frederik II «den store» av Preussen, som var ein ivrig connoisseur av fransk poesi, fransk filosofi – og fransk fløytemusikk.
Händels librettist
Den fyrste italienaren som skreiv sonatar spesielt mynta på traversofløyte, var Nicola Francesco Haym (1678–1729). Dette skriv den italienske fløytisten Chiara Strabioli i omslagsheftet til albumet Flute Music, der ho spelar Hayms solosonatar og triosonatar med blokkfløyte og traversofløyte, akkompagnert av ensemblet Cappella Musicale Enrico Stuart.
Haym var ein allsidig herre, og svært internasjonal. Far hans var frå Bayern, han vart fødd i Roma, og sonatane hans for traversofløyte blei komponerte i London, men utgjevne i Amsterdam. Mest kjend (eller minst ukjend) er Haym som G.F. Händels librettist. Han skreiv eller la til rette songtekstane til mange kjende Händel-operaar, som Giulio Cesare, Ottone, Rodelinda og Teseo. Men han var òg cellist, agent for ymse operaselskap, forfattar av ein General History of Music i mange bind (no tapt) og ein anerkjend numismatikar, altså kjennar av gamle myntar.
Klassisist
Som komponist verkar Haym som ein italiensk klassisist i tradisjonen til den store italienske stilskaparen Arcangelo Corelli (1653–1713), den oftast imiterte komponisten på heile 1700-talet. Haym kjende faktisk Corelli personleg, for i 1690-åra spelte han i det vidgjetne orkesteret hans i Roma.
Typisk for Corellis stil er at musikken ofte er spartansk notert. Særleg i dei langsame satsane består notebiletet mest berre av lange notar. For å få musikken til å bløma må utøvaren difor leggja til sine eigne ornament. Her kjem tolkinga til Strabioli stundom til kort. Det vil seia: I dei stykka der ho spelar traversofløyte, kling det mykje betre enn der ho spelar blokkfløyte, både av di ho der ornamenterer meir, og av di ho greier å forma klangen betre på tverrfløyte enn på blokkfløyte. Best tykkjer eg difor ho lukkast i dei snøgge satsane – som det heldigvis er flest av på plata.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.