Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

På sporet av Joni Mitchell

Boka Ann Power har skrive om Joni Mitchell, er langt meir enn ein biografi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Joni Mitchell på scena saman med verten Trevor Noah og musikaren Brandi Carlile på den 66. årlege grammyprisutdelinga i Los Angeles 4. februar i år.

Foto: Chris Pizzello / AP / NTB

3547
20240816
3547
20240816

Biografi

Ann Powers:

Travelling. On the Path of Joni Mitchell

Deyst

Høyrer du til mellom dei mange som held «River», ein av låtane på Joni Mitchells klassiske Blue (1971), høgt? I møtet med Ann Powers’ refleksjonar rundt songen i Travelling. On the Path of Joni Mitchell opna han seg på nytt for denne lyttaren – og det trass i at eg har høyrt han så mange gonger før. Wow, tenkte eg, der eg sat med boka i hendene, så godt går det an å skrive om musikk.

Travelling har vore reisefølgjet mitt sommaren gjennom, noko som også har ført meg tilbake til fleire av platene til Mitchell, og for denne lesaren er det her Powers verkeleg skin: som tolkar og essayist, i møtet med musikken. Forfattaren er ikkje ein trena biograf, men snarare ein av USAs fremste kritikarar, som i langformat «teiknar opp eit kart» over Mitchells reiser, som ho sjølv skriv.

Spørjande haldning

Kvifor les vi biografiar? Kvifor finn ein forfattar på å skrive ei heil bok om eit menneskeliv? Slike spørsmål vert diskuterte frå tid til anna, men ikkje så ofte på eit gjennomborande vis i det som er sjølve biografiens tekstmasse. I så måte er denne boka noko av eit unntak. Det som meir enn noko kjenneteiknar teksten til Powers, er ei vedvarande spørjande haldning til subjektet og utgangspunktet for eiga skrift – eit kritisk metaperspektiv som tilfører langt meir enn pliktmessig staffasje. Eg har aldri lese noko som heilt liknar.

For Powers er det viktig å dele refleksjonar, ikkje berre rundt kunsten og menneskelivet ho har sett seg føre å skrive bok om, men også om måten det skjer på – kvifor ho skriv om visse hendingar, og på kva måte. Dermed er det knapt ei overdriving når Powers skriv at denne boka også er «historia om ei tilnærming».

Dette inneber også at forfattaren deler eigne livserfaringar med lesaren, hendingar som på ulike måtar uunngåeleg pregar hennar eiga forståing av livet og kunsten til Mitchell. Når Powers skriv om dottera Mitchell adopterte bort i ung alder, gjer ho det klart at ho sjølv er adoptivforelder. Røysta du møter i Travelling, er personleg, engasjert, lidenskapleg, men også kritisk og temperamentsfull. Tilløp til hagiografi og genitilbeding er totalt fråverande, det same er sladder og tabloidstoff, sjølv om dette altså ikkje inneber at Powers vik unna hendingar Mitchell truleg ikkje likar å dvele ved.

Stikkande kommentarar

For Powers er dette ein måte å vise respekt for Mitchell på og å ta henne på største alvor som subjekt. Kritikaren har møtt mange, reist mykje og lese endå meir, men ho har late vere å setje seg ned med Mitchell sjølv, noko som gjer det enklare for henne å halde på avstanden til den høgt elska og respekterte artisten.

Ho skriv skarpt og godt om korleis Mitchell strategisk har sett seg sjølv i scene, for å nemne noko. Powers løftar også fram det vi kan kalle bikarakterar eller mindre kjende personar i Mitchells liv – skuggar frå periferien vert oppsøkte, i noko som liknar reportasjeform, og kastar nytt lys på gamle historier.

Heile vegen krydrar forfattaren med små, stikkande og velplasserte kommentarar, som når ho etter eit av dei tallause møta med aldrande, velkjende mannlege artistar som lovprisar Mitchell, skriv: «I soon discovered that humility is one source by which old men recharge themselves.» Er Mitchells musikk viktig for deg, er Travelling uomgåeleg lesnad.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis