JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

På eit hjørne i Crail

Har Bill Ryder-Jones laga ei av dei beste platene vi kjem til å høyre i 2024?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Måleriet på omslaget til den nye plata av Bill Ryder-Jones er laga av Dale Bissland.

4125
20240105
4125
20240105

Rock

Bill Ryder-Jones:

Iechyd Da

Domino/Playground

Det er så taust, biletet som har fått pryde omslaget til den nye plata til Bill Ryder-Jones, frå den vesle skotske kystbyen Crail, der ein skugge fell over ein mennesketom gatestubb. Måleriet, laga av Dale Bissland, utgjer ei så perfekt innramming til Iechyd Da at det for denne lyttaren alt er uløyseleg knytt til musikken: Songane spelar seg ut i dette landskapet, som for meg er både ukjent og attkjenneleg.

Kanskje medverkar musikkvideoen til den første singelen frå utgivinga, «This Can’t Go On», som er filma i Crail og regissert av James Slater, til å styrkje denne tilknytinga. Skildringa av den eksistensielle krisa som tilhøyrer gryande ungdomstid, er enkel, slåande og vakker. Snutten er som skreddarsydd til teksten – han sirklar inn ei nattevandring som munnar ut i ei overveldande erkjenning av at situasjonen no er uhaldbar, av at status quo ikkje lenger er eit alternativ.

Elegant flettverk

Somme lesarar vil kjenne Ryder-Jones frå åra i bandet The Coral, som han forlét for femten år sidan, og frå solokarrieren som følgde, der han mellom anna har laga eit orkestralt lydspor til ein ikkje-eksisterande adaptasjon av ein roman av Italo Calvino (2011), og fleire album, seinast tvillingparet Yawn (2018) og Yawny Yawn (2019). Han har også fungert som produsent, mellom anna for Michael Head og The Red Elastic Band. For mange er A Bad Wind Blows in My Heart (2013) sjølve nøkkelalbumet, ei utgiving Ryder-Jones på fleire vis følgjer opp med årets plate.

Berre etter nokre sekund gjer eit sentralt aspekt ved Iechyd Da seg gjeldande: Musikken rommar eit elegant flettverk av velvalde referansar. Opningssporet, som skildrar eit forhold som er over, med Lou Reed-ske, matte pa-pa-pa, vert heimsøkt av eit minne om dagane saman med ekskjærasten, i form av ein sample – nokre sekund frå brasilianske Gal Costas «Baby» (1969) – som både fungerer som ein varm vind og eit kaldt gufs (sidan fortida berre kan verte fortid). Songen fortel om ei kjensle av å vere både for mykje og ikkje heilt nok for den andre. Ryder-Jones er god på å fange slike motsetnader.

Det finst mange ekko på Iechyd Da, men ingen av dei fungerer som staffasje. Dei tilfører alle på sin måte noko som etterpå kjennest umisteleg. «This Can’t Go On» gjer usannsynleg bruk av discostrykarar og får songens viljestyrke til å verke meir resolutt. Brian Wilson spøkjer både her og der, og det er ganske tøft når Ryder-Jones liksom hintar til «God Only Knows» i blåsearrangementet på «I Hold Something In My Hand».

Levande tematisering

At dette orkestrale draget har fått fleire til å tenkje på Mercury Rev, er ikkje overraskande. Sjeldan, om nokon gong, har eg høyrt ein meir vellukka bruk av barnerøyster, med koret som løftar «It’s Today Again» til eit nytt nivå. Når Ryder-Jones, ikkje heilt ulikt Van Morrison og Mike Scott før han, vel å hente inn litterært stoff, er det ved å inkludere den klassiske, avsluttande Molly Bloom-passasjen frå Joyces Ulysses, resitert av Michael Head, eit element som berre gjer tematiseringa av minne og fortid endå meir levande.

Bisslands måleri reflekterer også albumets forankring i det lokale. Iechyd Da er spelt inn i studioet til Ryder-Jones i West Kirby, der han bur, og derfrå skodar han over sundet til Wales, som også er ein viktig del av livet hans.

Tittelen er walisisk og uttrykk for ei skål for god helse. I eit brutalt ærleg intervju med Mojo fortel artisten om traumet som framleis kastar skuggar over livet hans: Ein to år eldre bror fall frå ein klippekant og døydde då han var sju år gammal. Tilknytinga til Merseyside er både nær og inderleg, og lada med det tragiske – Ryder-Jones slit med agorafobi og trivst best i det nære, i eit landskap som på godt og vondt er ein del av han.

Plateåret er ferskt, men Iechyd Da har eit strøk av klassikar over seg og kjem til å verte ståande mellom dei sterkaste utgivingane i 2024.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis