Musikk

Øylivet er det nye livet

Er Hadsel Beiruts aller beste plate så langt?

Condon ved orgelet i Hadsel kyrkje.
Condon ved orgelet i Hadsel kyrkje.
Publisert

Trygge for vinden, med hovudet i sanden – slik kan ein sjå tilbake og tenkje at ein har verna om seg sjølv, slik Zach Condon og Beirut gjer det i «So Many Plans», den første singelen frå albumet Hadsel, som er ute i dag. Det er ikkje mykje til vern, og songen prøver då også å sirkle inn eit skilje mellom eit liv som var, og eit nytt og anna liv som er. «We had so many friends», heiter det, «this had to end».

Ein dag vaknar ein og veit at livet må endre seg – «du musst dein Leben ändern», som det heiter i den kjende verselina til Rilke. «So Many Plans» ser tilbake på eit liv der ein kunne hoppe, for så å sjå kvar ein landa.

Appetitten på livet som vert skildra, peikar i alle retningar på ein gong: «We had so many plans.» Sjølv om låten reflekterer den påtvinga livsendringa som kom med pandemien, så teiknar han no, i 2023, eit bilete av noko større, av ei meir generell kjensle av å erkjenne at eit anna liv vil vere betre.

Eit nytt kapittel

Fire år har gått sidan Gallipoli, det førre albumet med nytt materiale frå Beirut, ei utgiving som vart følgd av ei naudsynt tilbaketrekking for Condon, som måtte forsvinne for å ta vare på seg sjølv. Slik hamna amerikanaren i Nordland, ei forflytting som vart avgjerande for han som menneske og artist, og som lyser opp musikken på Hadsel som ei nytend lykt i eit mørkt landskap.

Sist eg skreiv om Beirut på desse sidene, var på vårparten i fjor, om Artifacts, ei utgiving som var så mykje meir enn ei samling raritetar og sjeldne spor – ikkje minst fordi ho var utstyrt med ein slags musikalsk minisjølvbiografi skriven av Condon. Å lytte til utgivinga var som å ta følgje på ei reise der den intense oppdaginga av ei rekkje instrument utgjorde vendepunkta, anten det gjaldt trompeten, trekkspelet han arva etter bestemora – eller Farfisa-orgelet han fann då han var seksten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement