Musikk
Overtydande debut
PAT har hatt ein særs inspirerande dag på jobben.
Petter Asbjørnsen trio, PAT, blei til medan Asbjørnsen var student ved Griegakademiet i Bergen. Seinare har studiar og karriere teke den 30 år gamle bassisten frå Larvik til København, Berlin og New York, men i mars 2018 vart Supergolden spelt inn i Duper studio med Jørgen Træen bak miksepulten. Som ein del anna som kjem frå Bergen, har plata vore vel verd å venta på.
Dei ni låtane til Asbjørnsen har ulike kjelder til inspirasjon og gjev trioen høgst ulike innfallsvinklar til improvisasjon. Både Ornette Coleman, Sonny Rollins, Dave Holland og Morphine er namn som fell ein i hug. Sjølv om improvisasjonen naturleg nok er eit berande element, har komposisjonane både særpreg og ei velutvikla form som gjer dei til noko meir enn eit springbrett for den spontane musiseringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.