Orkesteret Ava Mendoza
Gitaristen er på heimebane i soloformatet.
Ava Mendoza då ho spelte på Bergamo jazzfestival 19. mars i år. Giuseppe Diotti er kunstnaren bak biletet som har tittelen «La Morte di Antigone».
Foto: Lars Mossefinn
Jazz / Rock / Impro
Ava Mendoza:
New Spells
Ava Mendoza, gitarar og elektronikk.
Relative Pitch Records
Den amerikanske gitaristen, vokalisten og komponisten Ava Mendoza er eit av dei heitaste namna på jazz-/improscenen i dag. Spesielt etter at ho i 2013 flytta til Brooklyn, har namnet hennar dukka opp i ei mengd prosjekt. Med bandet Unnatural Ways har ho gjeve ut tre plater. Ho gjorde ein solid figur på William Parkers Mayan Space Station (2021), og i dag står ho på scenen på Nattjazz som medlem av Nate Wooleys Columbia Icefield.
Den første soloplata hennar, Shadow Stories, kom allereie i 2010. Her serverer ho ein miks av tradisjonsstoff tolka på sitt spesielle vis. Med New Spells er country- og bluesrøtene langt frå så tydeleg til stades. To av dei fem låtane har ho skrive sjølv. I tillegg tolkar ho låtar av bassistane Devin Hoff og Trevor Dunn og saksofonisten John Dikeman.
Mendoza er ikkje berre ein virtuos gitarist – ho har fullstendig kontroll på effektboksar og pedalar og brukar dei på utsøkt vis til å skapa eit orkestralt univers. Høgdepunktet er hennar eigen komposisjon «New Ghosts». Her nyttar ho heile paletten og syner seg som ein framifrå historieforteljar. Også Hoffs «Ampulex Compressa» vert driven fram i eit slags spørsmål–svar-formular i ein kaskade av klang, vrenging og overtonar. Dunns «Apart From» er vel den låten som minner sterkast om tradisjonssida til Mendoza. Her formidlar ho ein sår lengt som går over i fortviling og frustrasjon. New Spells triggar eit mangfald av emosjonar. Om du ikkje allereie har gjort det, merk deg namnet Ava Mendoza.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.