Musikk

Or arkivet

Emelie Roos spelar solokonsertar frå svenske notesamlingar.

Den svenske blokkfløytisten Emelie Roos.
Den svenske blokkfløytisten Emelie Roos.
Publisert Sist oppdatert

Tidlegmusikarar kallar me dei som spelar verk frå 1600- og 1700-talet på historiske instrument med ditto speleteknikkar. Barokkmusikk er jo ikkje ein uuttømmeleg ressurs, for det blir ikkje komponert meir av han. Tidlegmusikarar kan ikkje gå til komponistar og be om ny musikk. Dei lyt oppsøkja bibliotek, arkiv og samlingar for å oppdaga gamle verk, slike som – når dei atter får klinga – for oss blir som nye.

Dette gjeld fleire av stykka på denne nye plata, som har undertittelen Treasures from Swedish collections. Tre av dei åtte verka har aldri vore spelte inn før. Blokkfløytisten Emelie Roos og ensemblet Höör Barock (frå byen Höör i Skåne) har undersøkt arkiva til Akademiska kapellet i Lund og samlingane til Kungliga Musikaliska Akademien i Stockholm. Repertoaret dei har funne, går truleg attende til Kungliga Hovkapellet og hoffkapellmeisteren Johann Helmich Roman (1694–1765), Sveriges fyrste store komponist, som me her får éin fløytekonsert av. Elles er verka av for det meste av italiensk opphav, noko som ikkje overraskar, all den tid italiensk stil dominerte ved det svenske hoffet på 1700-talet.

Nebbfløyte

Emelie Roos har ein behageleg spelestil, med tydeleg og stabil artikulasjon og klang. Ornamenta ho improviserer, er mest alltid i tråd med grunnstemninga, eller affekten, i den aktuelle satsen, noko som er særleg viktig i rolege satstypar som «Adagio» og «Largo». Her skil ho seg positivt ut frå mange av blokkfløytekollegaene sine, som ofte verkar meir opptekne av å briljera teknisk enn av å nytta ornamentikken for å forsterka affektane.

Roos gjev velskrivne skildringar av bakgrunnen til dei ulike stykka i omslagsheftet. Som døme kan me ta det fyrste verket, ein solokonsert i C-dur frå Lund-samlinga av Antonio Vivaldi (1678–1741). Stykket er kjent frå andre kjelder som obokonsert, men på Lund-manuskriptet står det at konserten er for «flaut ameck». Kva for instrument er dette? Som Roos gjer greie for, er det nok ei feilstaving av «flaut abeck», som igjen er ei fri svensk tolking av flûte à bec – det franske ordet for blokkfløyte, som ordrett tyder «nebbfløyte».

Dette inspirerte Roos til å spela konserten med blokkfløyte, noko som kling friskt og medrivande, særleg i den temperamentsfulle fyrstesatsen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement