Musikk

Oppsummering etter 30 år

Tobias Lindstad dyrkar det vemodige og lyriske.

Publisert

Komponisten, trombonisten og vokalisten Tobias Lindstad har valt å ha musikken som hobby, men til all lukke har han hatt drivkraft nok til å gjennomføra dette prosjektet. Kismet er ei oppsummering av mest 30 år med komponering. Håvard Enge har skrive ein særs grundig og god tekst i heftet som ligg ved utgjevinga, der han fortel om utviklinga av komposisjonane til Lindstad.

Lindstad overlèt til dei profesjonelle å traktera instrumenta, men syng på «Kismet», «Dream» (med tekst av den walisiske poeten Ronald Stuart Thomas) og «Singalong Song». Lindstad syng i typisk amerikansk crooner-stil, litt stivt med ein diskré vibrato.

Det ti minuttar lange tittelkuttet er avgjort den mest ambisiøse komposisjonen, med ein Coltranesk intro spelt på utsøkt vis av Viddal og Myhr. Brække kvitterer med eit melodiøst kor. Young er i hovudrolla på akustisk gitar i den sjarmerande «Dream». Alle tre solistane får olbogerom på «Singalong Song».

Myhr har sine augneblinkar i tospann med Viddal i nemnde «Kismet», men også på opningssporet «Introductory Improvisation over Kismet’s Bassline». Elles utgjer han eit diskré komp saman med Wildhagen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement