JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Oppløftande euroklarsyn

Eurovision 2022 var ein siger for demokratiet og den gode smaken: Folket veit betre enn profesjonelle synsarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kalush Orchestra frå Ukraina på scena etter å ha vunne finalen i Eurovision Song Contest i Torino i Italia førre laurdag.

Foto: Yara Nardi / Reuters / NTB

2035
20220520
2035
20220520

Pop / hiphop /TV

Eurovision Song Contest 2022:

Grand Finale (Kalush Orchestra – «Stefania»)

Eurovision

Eurovision-finalen førre laurdag blei ein skikkelig thriller, men enda godt. Resultatet synte at publikum har betre vurderingsevne enn profesjonelle synsarar, og når ukrainske Kalush Orchestra spelte sin sigersdakapo, hadde Eurovision blåst nytt liv i trua mi på demokratiet.

Kalush er ein blytung ukrainsk raptrio, og i sideprosjektet Kalush Orchestra blandar trioen hiphop med ukrainsk folkemusikk. Eurovision-bidraget deira, «Stefania», inneheld tradisjonsrike korklangar og tradisjonelle fløyter kalla sopilka og telenka, og bandet opptredde i folkedrakter frå forskjellige delar av Ukraina. Teksten blei skriven som ei hyllest til rapparen Oleg Psyuks mor, men har fått nye lag av meining etter Putins Russlands overgrep mot Ukrainas folk: «Hovudmeldinga handlar om morskjærleiken som oppfriskar universet og gir liv», har Psyuk sagt.

Etter innslaget som sikra sigeren, bad rapparen ei innstendig bønn om å hjelpe Ukraina og dei som er fanga ved Azovstal-stålverket i Mariupol «right now». Det er ikkje tillate å kome med «politiske utsegner» frå Eurovision-scena, og kommentaren frå ansvarleg arrangør EBU var nesten sjokkerande klok: Dei sa at støtteerklæringane til det ukrainske folket frå Kalush Orchestra og andre artistar er av humanitær snarare enn politisk karakter.

Det var skuffande å sjå brorparten av Europas riksmusikksynsarar gi Storbritannias glattproduserte, klisjéprega og forgløymelege popsviske maks poeng og få eller ingen til Ukraina. Heldigvis visste folket betre: Dei gav ukrainske Kalush Orchestra 439 poeng og det moldovske folkepunkbandet Zdob si Zdub 239 (mot 192 og 14 frå juryane). Det var dei to beste innslaga. Massane har same musikksmak som underteikna. Tenk det, du.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar, DJ og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis