JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Opera som ulempe

To album som syner den italienske kammermusikkens stordom og fall.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Italienaren Gaetano Donizetti (1797–1848) på eit litografi frå 1830.

2973
20231006
2973
20231006

CD

Gaetano Donizetti:

Opere per violino e pianoforte

Insolito 8cento; Angelo de Magistris, fiolin; Rosaria Dina Rizzo, klaver. Tactus 2023.

CD

Pietro Cas­t­rucci, Prospero Cas­t­rucci:

Sonatas for Violin and B.C.

Marco Pedrona, fiolin;
Davide Merello, orgel.
Brilliant Classics 2023.

Me får her italiensk musikk for fiolin og tangentinstrument frå to hundreår, frå byrjinga av høvesvis 1700- og 1800-talet. Albuma syner korleis den italienske kammermusikken utvikla seg, og – for å uttrykkja det meir polemisk – hans forfall. Italia var nemleg kring 1700 framleis den leiande nasjonen innan musikalsk nyskaping. Hundre år seinare galt statusen berre for operaen. Innovasjon på det kammermusikalske området var då definitivt noko som gjekk føre seg nord for Alpane.

Donizetti

Gaetano Donizetti frå den norditalienske byen Bergamo er framleis kjend som ein av dei største operakomponistane. Han var uvanleg produktiv, med kring 75 operaar, og i gode år kunne han fullføra fire av slaget. Hjå kritikarane fekk han difor aukenamnet «Dozinetti», som tyder «små dusin» på italiensk, eit anagram som impliserer at verka hans var for dusinvare å rekna.

Men han laga òg ei mengd symfoniske verk og kammermusikk. Duoen Insolito 8cento gjev oss på plata Opere per violino e pianoforte smakebitar av det sistnemnde, med to variasjonsverk, ein sonate og ein «Scherzo» («musikalsk spøk») for fiolin og klaver.

Eg har sans for fleire Doniziettis operaar, men kammermusikken på plata verkar trøyttande, nett av di han er så operaaktig. Klaveret hamrar fram akkordar på orkestervis eller spelar unisont med fiolinen, som «syng» som ei primadonna. Mange musikalske tema er då også henta direkte frå operaane hans. «Scherzo» frå 1826, til dømes, baserer seg utelukkande på slike. Lyttaropplevinga blir ikkje betre av at fiolinisten Angelo de Magistris spelar surt (for høg intonasjon) og slit med å forma songlege frasar. Eg veit at eg tenderer til å dømma den italienske instrumentalmusikken frå 1800-talet ut ifrå tysk-austerrikske kriterium. Men den musikalske tenkjemåten til italienarar som Donizetti er så uløyseleg knytt til operaens skjønne song og dramatiske verkemiddel at kammermusikken taper sjølvstende.

Castrucci-brørne

Slik var det altså ikkje hundre år tidlegare, då Italia var stileksportør for det nyaste innan fiolinmusikk. Plata med sonatar av romarane Pietro (1679–1752) og Prospero Castrucci (1690–1760) syner dette. Begge busette seg i England, der dei gjorde fiolinmusikken i tradisjonen etter den skilsetjande læraren sin, Corelli, kjend. (Også tyskarane Telemann, J.S. Bach og Händel imiterte han.)

Castrucci-sonatane syner solid handverk og stilkjensle – noko som òg gjeld utøvarane, særleg organisten Davide Merello, med sitt grundige og fasettrike akkompagnement.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis