JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Og vi skal synge gamle songar om igjen

Ein ny dokumentarfilm introduserer The Beach Boys for nye generasjonar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brian Wilson i studio.

Brian Wilson i studio.

Foto: Disney+

Brian Wilson i studio.

Brian Wilson i studio.

Foto: Disney+

3260
20240524
3260
20240524

Musikkdokumentar

Regi: Frank Marshall og Thom Zimny

The Beach Boys

Disney+

Det første du høyrer idet The Beach Boys, den nye dokumentaren som i dag har premiere på Disney+, byrjar, er den reine lyden av vokalharmoniane som for mange – inkludert denne lyttaren – definerer gruppa. Det er ein god inngang. Sjølv etter mange år med lytting til denne musikken er det ein lyd som kan framkalle den myteomspunne gåsehuda hos meg – denne fysiske kjensla av at eg lyttar til noko heilt spesielt.

Historia bak

The Beach Boys fører sjåaren tilbake til dei tidlegaste dagane i bandets historie, då dei tre Wilson-brørne song i baksetet i familiebilen på veg til og frå, og lyden av desse røystene saman først fann form. Det dreier seg om ein film som er marknadsført som «ei feiring», med vekt på familie, vennskap og kontinuitet, snarare enn usemje, konflikt og brot.

Mykje av det som vert fortalt i denne filmen, kjenner både eg og andre til frå før – og ikkje minst då forteljingane om korleis Brian Wilson ikkje var skikka til turnélivet og blei verande i studio, medan dei andre i The Beach Boys reiste ut på tur utan han, i ulike konstellasjonar – slik at det i realiteten dreidde seg om to band, som det vert sagt i filmen.

I studioet utfalda den mest virtuose og komplekse popmusikken til gruppa seg i eldstebror Brians regi. Det dreier seg om musikk med kvalitetar som vil finne nye lyttarar i nye generasjonar – og for dei vil The Beach Boys fungere heilt utmerkt som introduksjon.

Konvensjonell

Filmen, som er skriven av Mark Monroe, er utruleg effektivt fortalt, utan nokon gong å verte forhasta. Monroe veit då også eit og anna om korleis ein får dette til, og har tidlegare vore involvert i produksjonar som Sound City (2013), Sonic Highways (2014) og The Beatles: Eight Days a Week – The Touring Years (2016).

Det dreier seg om ein type film som er konvensjonell, men som gjer jobben: The Beach Boys er saumlaust fortald, med snakkande hovud som har noko vettug å seie (enten det dreier seg om forfattarar som Josh Kun eller artistar/produsentar/bransjefolk som Don Was).

Sjølve karane i bandet seier også ein del, og eg likar måten nye intervju er miksa med gamle på, slik at dei på eit vis får framstå som ulike utgåver av seg sjølve, i ulike fasar i livet. Det vert ein del klisjear i slike intervju, men til gjengjeld er arkivmaterialet i The Beach Boys ganske uimotståeleg, og viktigast av alt ­– musikken får den plassen han fortener.

Brian Wilson er unekteleg den mest fascinerande i denne gjengen, særleg fordi det framleis er så uutgrundeleg korleis eit slikt avsindig talent berre kan dukke opp akkurat der og då, og utfalde seg så rikt. I eit opptak frå nokre tiår sidan fortel han at han drøymde om å bli enten psykolog eller baseballspelar. I staden viste han seg å vere i stand til å lage komposisjonane på Pet Sounds (1966) – eit album som fleire av dei mest markante utgivingane i plateåret 2024 viser seg å vere direkte inspirerte av, og som denne dokumentarfilmen forhåpentleg vil føre fleire lyttarar til.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

The Beach Boys

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ordskifte

Ny kurs med endra styrkeforhold?

«I konfliktar er styrke viktigare enn hensikter og narrativ.»

ErikKlepsvik

Andrew Jackson var president i USA frå 1829 til 1837.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Øyvind T. Gulliksen

Donald Trump og Andrew Jackson

Utruleg nok kan altså Trump, som no er dømd for kjeltringstrekar i stor skala, bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.

Statsminister Jonas Gahr Støre på strategikonferansen til Arbeidarpartiet i november 2023.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Ordskifte
LarsKolbeinstveit

Svakt frå Agenda

At Ap gjer det dårleg, kan ha med heilt andre grunnar å gjere enn at folk vert meir opptekne av seg sjølve.

EssaySamfunn
Morten A. Strøksnes

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Madame Nielsen har ei fortid som forfattaren Claus Beck Nielsen.

Foto: Pelikanen forlag

BokMeldingar

Apokalyptisk

Madame Nielsen leverer litteratur av sjeldan kvalitet.

Oddmund Hagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis