Musikk
Nytt or gamalt
Den danske strykekvartett set Beethovens seine verk i samanheng.
Den danske strykekvartett spelar Beethoven, Bach og Mendelssohn.
Foto: Caroline Bittencourt
Heilt frå eg høyrde Den danske strykekvartett for fyrste gong live under Festspillene i Bergen i 2015, har eg vore fascinert. Dei framleis relativt unge musikarane, som liknar meir på ein gjeng hipsterar enn på klassiske musikarar, spelar med ein uvanleg lettskap og sikker intuisjon. Sjølv det erkeromantiske repertoaret framfører dei med rikeleg luft mellom frasane, utan den tett bundne legatoteknikken meir tradisjonelle ensemble kultiverer.
Skriva kan dei forresten òg. Omslagsheftet til albumet Prism IV inneheld ein personleg tekst der dei skildrar sitt fyrste møte med Ludwig van Beethovens (1770–1827) såkalla seine strykekvartettar, dei fem (eller seks, alt etter korleis ein reknar) siste verka i sjangeren som den døve og sjuklege komponisten skreiv i 1825 og 1826. For samtida var det nyskapande, ja, futuristiske tonespråket, ganske så uskjøneleg.
Skrapa i yta
Uskjøneleg var det også for dei danske musikarane då dei som studentar måtte øva inn ein av kvartettane til ein konkurranse: «Det var ein komplisert prosess, og sjølv om me til slutt kunne spela alle notane, hadde me kjensla av berre å skrapa i yta til musikken.» På overflata såg det ut som ein vanleg, wienerklassisk kvartett, den typen stykke dei som studentar var vande med å kunne bladspela. Men slik fungerte det ikkje: «Det klang avskyeleg og stridde mot heile vår intuisjon.»
Plata med Beethovens Styrkekvartett nr. 15 i a-moll, op. 132, syner at dei no verkeleg har greidd å koma under yta på musikken – sjølv om nokre lyttarar sikkert vil meina at tolkinga somme stader saknar den transcenderande tyngda og det metafysiske alvoret desse verka treng. Eg høyrer ikkje til dei sistnemnde. Tredjesatsen er særleg overtydande. Han ber tittelen «ein heilag takksong til guddomen frå ein som har blitt frisk», som skal lesast sjølvbiografisk. I den salmeaktige opninga kjennest den lågmælte, vibratolause ensembleklangen ektefølt, utan å bli patetisk.
Tolkingsnøkkel
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.