Nykomponert folkemusikk
Den norsk-svenske trioen Heilo byr på velklingande
samspel mellom akustisk gitar, hardingfele og klarinett.
Thomas Eriksson flankert av Anna Malmström med bassklarinett og Helga Myhr med hardingfele.
Foto: Fredrik Fridlund
Folkemusikk
Eriksson/Myhr/Malmström:
För sola skin’ på tak
Heilo
Mykje av den nyare samspelsbaserte folkemusikken er påverka av impulsar frå Sverige. Og på denne plata er det ein svensk gitarist – Thomas Eriksson – som har komponert ny folkemusikk som han sjølv framfører i samspel med den norske hardingfelespelaren Helga Myhr og den svenske klarinettisten Anna Malmström.
Gitaren får ofte rolla som «komp» i folkemusikkonstellasjonar. Dette har Eriksson vilja snu på ved å skapa «en instrumentering der vanlige melodiinstrumenter også kunne tilføre et spennende akkompagnement når gitaren fører melodien».
Og det er nettopp det at alle tre instrumenta vekslar mellom rollene som melodiinstrument og akkompagnement (eller noko midt mellom), som gjer dette spanande å lyda på. For elles er musikken sett saman av element ein har høyrt før, som slåtteliknande motiv og dur- eller mollakkordar i velkjende kombinasjonar.
Musikken er ofte melankolsk, men det er likevel noko luftig og lyst over det heile. Dette kjem dels av at musikken aldri er overarrangert eller påtrengande, og at alle instrumenta kling mjukt og vennleg. Skarpe kantar er heilt fråverande. Særleg når Malmström nyttar bassklarinetten, får lydbiletet tilført ein varme som lyfter prosjektet. Og det er i dei rolege melodiane musikken kjem best til sin rett, som i det viseaktige sporet «Å lykton», som avsluttar den drygt halvtimelange plata.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Folkemusikk
Eriksson/Myhr/Malmström:
För sola skin’ på tak
Heilo
Mykje av den nyare samspelsbaserte folkemusikken er påverka av impulsar frå Sverige. Og på denne plata er det ein svensk gitarist – Thomas Eriksson – som har komponert ny folkemusikk som han sjølv framfører i samspel med den norske hardingfelespelaren Helga Myhr og den svenske klarinettisten Anna Malmström.
Gitaren får ofte rolla som «komp» i folkemusikkonstellasjonar. Dette har Eriksson vilja snu på ved å skapa «en instrumentering der vanlige melodiinstrumenter også kunne tilføre et spennende akkompagnement når gitaren fører melodien».
Og det er nettopp det at alle tre instrumenta vekslar mellom rollene som melodiinstrument og akkompagnement (eller noko midt mellom), som gjer dette spanande å lyda på. For elles er musikken sett saman av element ein har høyrt før, som slåtteliknande motiv og dur- eller mollakkordar i velkjende kombinasjonar.
Musikken er ofte melankolsk, men det er likevel noko luftig og lyst over det heile. Dette kjem dels av at musikken aldri er overarrangert eller påtrengande, og at alle instrumenta kling mjukt og vennleg. Skarpe kantar er heilt fråverande. Særleg når Malmström nyttar bassklarinetten, får lydbiletet tilført ein varme som lyfter prosjektet. Og det er i dei rolege melodiane musikken kjem best til sin rett, som i det viseaktige sporet «Å lykton», som avsluttar den drygt halvtimelange plata.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.