Musikk

Ny saklegdom

Bridge Quartet spelar alle Arnold Cookes strykekvartettar, for fyrste gong på plate.

Bridge Quartet spesialiserer seg på engelsk musikk.
Bridge Quartet spesialiserer seg på engelsk musikk.
Publisert

Komponisten Arnold Cooke frå Yorkshire i Nord-England har ei imponerande opusliste med musikk innan dei fleste klassiske sjangrar. Dei fem strykekvartettane hans blei til i løpet av 45 år, frå byrjinga av 1930-åra til slutten av 1970-åra. No er dei spelte inn på plate av Bridge Quartet, med Colin Twigg og Catherine Schofield på fiolin, Michael Schofield på bratsj og Lucy Wilding på cello. Innstuderinga har vore grundig, for tolkingane læt gjennomtenkte, med velvalde tempo og fraseringar. Likevel er ikkje alt teknisk lytefritt. Særleg intonasjonen i toppregisteret til fiolinane kunne stundom vore betre.

Førebels er berre volum 1 lansert, med kvartett nummer 1, 3 og 5. Den fyrste kvartetten, som var ferdig i 1933, er tysk i forma, samstundes som klangen aldri fjernar seg heilt frå det lyriske me kjenner frå britisk repertoar. Cooke hadde på denne tida nett eit treårig studium i Berlin bak seg, som elev hjå Paul Hindemith (1895–1963), ein neoklassisist som forfekta Neue Sachlichkeit i musikken. Denne «nye saklegdomen» gjekk ut på å sjå attende i musikkhistoria, til tida før romantikken, særleg barokken.

B, A, C og H

At Cooke byrjar kvartetten sin med ein fuge, den mest «objektive» av alle komposisjonsformer, er difor typisk. Han ville nok hylla Hindemith, men også fugemeisteren J.S. Bach. Det siste er uttrykt konkret på fylgjande måte: Det tonale sentrumet i dei fire satsane er høvesvis dei fire tonane B, A, C og H.

Opningssatsen «Fuga, lento non troppo» er vakker, med fri, dissonerande kontrapunktikk og tydelege melodiske liner. Men han er i overkant lang (åtte minuttar) i høve til innhaldet som blir presentert. Andresatsen, den livfulle «Scherzo, vivace», kjem difor som noko av ein lette. Også der – ja, i grunnen i heile kvartetten – dominerer det kontrapunktiske og lærde. Grunnhåtten skil seg slik frå den tredje kvartetten frå 1967, der lydbiletet er luftigare og rytmane meir homogene, spesielt i andresatsen «Andante».

Lun humor

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement