JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

«Ny pop frå Hanne Kolstø? Ja takk!»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hanne Kolstø debuterer som romanforfattar på Forlaget Oktober i år.

Foto: Anne Valeur

2910
20240301
2910
20240301

Pop

Hanne
Kolstø:

E det berre mej

Jansen
Records

E'kje berre dei, Hanne

«Vi e dysfunksjonelle», syng Hanne Kolstø på «Enda», det tredje sporet på det niande studioalbumet E det berre mej, og held fram: «mellom oss kor det smelle/ men vi skal lengre enn ei novelle/ høyr her/ ikkje legg mej død».

Alt er i rørsle i songen – den ein sjølv er, den andre, det som konstituerer eit «vi» – og også sjølve musikken, som reflekterer den tilstanden teksten skildrar, med tøffe påfunn av ulikt slag. Synthen er det berande instrumentet, ikkje minst på nettopp «Enda», som kulminerer i virtuose soloparti i sine siste sekund.

Sunnmørsk medisin

Vel sju år har gått sidan eg på tampen av 2016 skreiv om Kolstøs førre album, Fest blikket, på desse sidene. Det var med den plata artisten, som er (for lengst) utflytta sykkylving, gjekk over til å syngje på sunnmørsdialekt – noko som fekk meg, som er frå dei same traktene, til å tenkje på songane hennar som ein slags medisin. Mot kva? Vel, mot røysta eg høyrde tilsynelatande kvar gong eg skrudde på radioen på den tida, som tilhøyrde dåverande innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug.

Kolstøs «ej» var alt det Listhaugs «ej» ikkje var – søkjande, fabulerande, usikker – og det er det framleis på E det berre mej. Dialektale variantar av personlege pronomen dominerer tekstar og titlar, og reflekterer det faktum at songane dreier seg om ej, mej og dej, at fokuset framleis er på det mellommenneskelege, det relasjonelle. «Stemma lyg/ sei det går bra/ det går kje», heiter det i «Samme ka ej sei». Å vere menneske er å ha mange røyster i hovudet på same tid, og det er ikkje alltid det dei seier, går heilt i hop – noko Kolstø levandegjer i fleire av songane sine.

«Dette er tekstar med litterære kvalitetar.»

Stemningar

Noko anna Kolstø er god på, er stemningar. «Sollyset treffe en vegg/ graset ligg flatt og tørt/ det er varmt inni et sår/ trekke det med meg der eg går», heiter det i «Til det blir mørkt». Dette er tekstar med litterære kvalitetar, og dermed kjem det slett ikkje som noka overrasking på denne lyttaren at artisten om nokre veker debuterer med ein roman på Oktober. Psykopatmusikk skal ifølgje forlagets presentasjon handle om ein artist som kjempar for at musikken ho lagar, skal vere fri, samstundes som ho sjølv slit med å vere det.

Det skal verte spennande å lese forfattaren Kolstø, som altså er ei av desse som er utstyrte med gode porsjonar kreativ skaparkraft, på tvers av ulike estetiske grenser. Eg har lytta til E det berre mej i nokre veker, og her ein ettermiddag då eg sat og såg på plateomslaget, tenkte eg, det måleriet der, eg likar det, kven har laga det? Svaret er sjølvsagt Kolstø sjølv ­­– som hadde si første utstilling på Hvitsten Salong i august i fjor.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis