Ny polyfoni
Engegårdkvartetten spelar Johan Kvandals botnsolide strykekvartettar.
Komponisten Johan Kvandal (1919–1999) fotografert i Hamburg i 1974.
Foto: Privat
CD
Johan Kvandal:
Complete String Quartets
Engegårdkvartetten. Lawo 2023
«Det kan i dag ikkje herska tvil om at framtida til musikken ligg i ein ny polyfoni, der ein freistar å ta vare på dei moglegheitene som fortida har avla.» Dette skreiv den 26 år gamle komponisten Johan Kvandal i artikkelen «Zukunftswege norwegischer Musik» – «Framtidsvegar til norsk musikk». Teksten, som sto på prent på tysk i Deutsche Monatshefte in Norwegen i mars 1945, tek opp nye tendensar i europeisk kunstmusikk og drøftar korleis norske komponistar skal reagera på dei. Framtida ligg, slik forfattaren ser det, i ein ny og strengare stil tufta på klassiske former og kontrapunkt, altså stykke der fleire sjølvstendige, lineært førte melodistemmer blir fletta saman til ein kompositorisk einskap. Estetikken Kvandal her skisserer, er neoklassisk. Han etterlyser ny objektivitet og klåre i kunstmusikken.
Radikalt arkaisk
Året etter at artikkelen sto på prent, i 1946, komponerte Kvandal ein Fuge for strykekvartett som fylgjer denne estetikken til fulle. Stykket, som opnar Engegårdkvartettens album Complete String Quartets, er radikalt arkaisk (det er vel ikkje berre eg som her får assosiasjonar til J. S. Bachs fugesamling Die Kunst der Fuge). Musikarane formar det lyriske fugetemaet fint, særleg dei mange musikalske «sukka», og einskildstemmene har naturleg og organisk frasering.
Kvandal, son til komponisten David Monrad Johansen (1888–1974), sprang ut or ein nasjonal musikktradisjon, der folkemusikk og norskdom stod sterkt, men var òg innom mange ulike straumdrag i kunstmusikken i løpet av komponistkarrieren. Fuge for strykekvartett er eit kuriosum utan opusnummer; det blir ikkje feil å kalla han ein stilhistorisk komposisjonsstudie. Dei tre «skikkelege» strykekvartettane på plata er derimot fullskala kammermusikkverk.
Tre kvartettar
Strykekvartett nr. 1, op. 11, er også frå 1946. Dette er den mest neoklassiske av kvartettane og har eit mildt og tidvis skjemtande tonespråk, med klåre former. Strykekvartettane til wienerklassikaren J. Haydn har nok her tent Kvandal som formalt førebilete. Han studerte sjølv komposisjon i Wien under andre verdskrigen, der han tileigna seg eit grundig musikalsk handverk.
Seinare, i 1950-åra, studerte han så i Paris, som var ein meir progressiv musikkmetropol enn Wien. Det neste verket på plata, Strykekvartett nr. 2, op. 27 (1966), er modernistisk og dissonerande, men likevel ikkje heilt utan lyrisk nerve, særleg i sistesatsen «Epilog». I den siste kvartetten, Strykekvartett nr. 3, op. 60 (1983), mildnar atter uttrykket. Reminisensar frå Kvandals tidlege, neoklassiske periode er tydelege, men i tillegg høyrer me friske rytmar og melodikk frå norsk slåttemusikk.
Engegårdkvartettens spel er her, som elles på plata, strålande. Som heilskap er albumet deira eit viktig og vakkert monument over ein av Noregs best skolerte 1900-talskomponistar.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.