Musikk
Novella, filmen – og musikken
Eiko Ishibashis lydspor til Drive My Car står støtt på eigne bein.
Komponisten Eiko Ishibashi er produktiv og eventyrleg allsidig, meiner Øyvind Vågnes.
Pressefoto
Det gav meining då eg såg at den nye spelefilmen til den japanske regissøren Ryusuke Hamaguchi, Drive My Car, skulle vere inspirert av og byggje på ei novelle av landsmannen Haruki Murakami med same tittel frå 2014 (ei norsk omsetjing ved Yngve Johan Larsen finst i Menn uten kvinner frå 2016). Når det så gjekk opp for meg at lydsporet var ved komponisten og artisten Eiko Ishibashi, fall alle brikkene på plass.
Skal nokon lage musikk til akkurat ein slik film, bygd på akkurat ei slik forteljing, må det nemleg vere Ishibashi. Kvifor? Det har med sensibilitet å gjere, linene som møtest i konfigurasjonen Murakami–Hamaguchi–Ishibashi, som er som skapt for å ta vare på det gåtefulle og det uføreseielege i teksten, med kraft, venleik og originalitet.
Skuffar ikkje
Ishibashi har eg skrive om på desse sidene fleire gonger før, ikkje minst om det framifrå konseptalbumet The Dream My Bones Dream (2018), der ho hadde med seg den mangeårige samarbeidspartnaren Jim O’Rourke. Auga opp for musikken hennar fekk eg først med Car and Freezer (2014), som baud på ein jazza popmusikk som ikkje heilt likna på noko eg hadde høyrt før.
I åra som har følgt, har eg stadig vendt tilbake til denne produktive og eventyrleg allsidige artisten, og konglomeratet av artistar som omgir henne i Tokyo, utan ein einaste gong å verte skuffa.
Heller ikkje med Drive My Car, som har fleire av særtrekka som kjenneteiknar Ishibashis musikk. Som så mange lydspor sirklar også dette inn nokre tema og melodiliner som det vert vendt tilbake til igjen og igjen, med ei utbrodering og utforsking av kva dei rommar. Eit musikalsk motiv som først kan verke ope og mildt, kan få noko urovekkjande over seg, ein tydeleg figur kan losne opp i konturane og skape ei kjensle av det uvisse og uavklarte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.