Musikk

Noko vakkert i det dystre

Martin Taxt gjev ikkje ved dørene.

Publisert

Martin Taxt har eit mangslunge musikalsk virke. Han er studiomusikar med kjende populærmusikalske artistar som Odd Nordstoga, Hanne Hukkelberg og Maria Mena, og han er med i Music for a While, men det meste av energi og skaparkraft har han lagt i arbeidet som komponist og utøvande musikar i eksperimentelle konstellasjonar, mellom anna den norsk-japanske kvintetten Koboku Senjû. Han er i tillegg med på å driva festivalen Fri Resonans og plateselskapet Sofa.

Taxt vender seg også til Japan for å finna inspirasjon i meir indirekte form. Han har late seg inspirera av arkitekten Sou Fujimoto og teoriane hans om arkitektur og menneskeleg framferd, der han set opp reiret og hola som motsetnader. Taxt har laga eit rutemønster med 36 ulike tonehøgder og labyrintar gjennom dette rutemønsteret i dei tre komposisjonane «Cave vs Nest», «Swelling Forms of Domes» og «Paving Seen from Above».

I «Disruption, Disjuction, Deconstruction» finn den einskilde musikaren sin veg, sin «labyrint». Fujimoto er nok sikkert meir inspirerande for komponisten enn som lytterettleiing, men å lesa om arkitekten og sjå dei mange særmerkte bygga han har skapt til akkompagnement av musikken til Taxt, har vore gjevande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement