Musikk
Naturleg og utvunge
Heidi Skjerve og Daniel Formo set eit diskré personleg stempel på velkjent stoff.
Dei gamle standardane har ei enorm tiltrekkingskraft både på musikarar og på publikum. Denne gongen er det vokalisten Heidi Skjerve og pianisten Daniel Formo som har teke med seg eit a-lag i studio og gjeve seg i kast med ti standardlåtar. Dei fleste høyrer til klassen «dei mest utspelte». Skjerve og Formos tilnærming er på mainstreamens stilistiske premissar – og det funkar.
Det er kanskje ikkje så lett å setja fingeren på dei faktorane som gjer at dette er ei fin lytteoppleving gong på gong, men det har noko med det likeframme i framføringane.
Ensemblet lit på at materialet står på eigne bein og ikkje treng noka form for extreme makeover. I dette likeframme står Skjerve fram som den alle ting graviterer rundt. Røysta hennar er alt anna enn mektig, og fraseringane er aldri intrikate eller tilgjorde, men ho syng med rytmisk spenst og tonekontroll som er ei sann glede å høyra på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.