JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Nærast er du når du er borte

Oliver Sims debutalbum er eit konfronterande popmusikalsk eventyr.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei kulturelle referansane tilfører debutalbumet til Oliver Sim nokre ekstra lag, skriv Øyvind Vågnes.

Pressefoto

3382
20220909
3382
20220909

Rock

Oliver Sim:

Hideous Bastard

Young/Playground

«I’m ugly.» Med desse orda innleier Oliver Sim albumet Hideous Bastard, med eit opningsspor som konfronterer lyttaren frå første sekund. «Hideous» introduserer spørjande og med høg intensitet fleire av platas sentrale tema, som ikkje er av det lette slaget – frykt, skam, einsemd, løyndomar og masker høyrer til mellom stikkorda.

«Hideous» er noko av ein knallstart, ikkje minst fordi Sim har fått med seg Jimmy Somerville (Bronski Beat) på ein gjestevokal som etter knappe tre minutt løftar sporet eit par hakk til: «Be brave, have trust, just be willing to be loved», heiter det, i ein song som står fram som ein kamp mellom røyster: dei som dreg deg ned, og den eine som løftar deg opp.

Akutt kraft

Sim har levt med hiv sidan han var sytten år, men det er først no, i denne låten, at han fortel ope om det. I eit nyleg intervju fortalde han at då han sjølv fekk diagnosen, visste han berre om éin annan som var hiv-positiv, nemleg Queen-vokalist Freddie Mercury – og han levde ikkje lenger. Denne bakgrunnen, som uunngåeleg og med gode grunnar formar lyttarens oppleving av Hideous Bastard, utstyrer musikken allereie i utgangspunktet med ei sjeldan emosjonell, akutt kraft.

Enkelte lesarar kjenner Sim som låtskrivar, bassist og vokalist i The xx, med Romy Madley Croft og Jamie xx, og sistnemnde er med som produsent på Hideous Bastard, som har vorte til i løpet av dei to siste åra. Albumet peikar likevel energisk i nye musikalske retningar og er eit aldri så lite popeventyr.

Ta «GMT», til dømes: Songen hentar tittelen frå ein tidssone («Greenwich Mean Time») og er ei elegant skildring av korleis det kan kjennast å sakne nokon du har hamna i brå og lang avstand frå, som, alt ettersom, kan vere ei søt eller vond kjensle. Låten vart til då Sim flykta frå den britiske vinteren og spelte inn musikk i Australia, der han fann vegen til bortgøymde strender. Og slik var det at dei solvarme vokalharmoniane til Brian Wilsons «Smile» fann vegen inn i «GMT», med ein elegant sample. (Remiksen med Floating Points på produsentsida er også vel verd å sjekke ut.)

Ekstra lag

Dei kulturelle referansane tilfører Hideous Bastard nokre ekstra lag, og særleg skin artistens kjærleik til grøssaren gjennom – om du kjenner denne filmsjangeren, skjøner du kva eg meiner, om du tek ein lytt til avslutningssporet «Run the Credits». Det er kanskje like greitt at Sim ikkje landar på ein Disney-slutt, for det ligg ikkje heilt til han: «Even Romeo dies in the final scene», heiter det ved teppefall.

Sim har nemnt John Grant som ei inspirasjonskjelde i fleire intervju, og sjølv om det ikkje er den første musikalske referansen ein tenkjer på, så gir det meining, for det finst markante innslag av mørk humor i begge sine uttrykk, kor sterkt dei enn botnar i eit djupt alvor. (Elles har også Grant vore open om hiv-diagnosen sin.)

Sim skulle etter planen turnere med det nye albumet no i september og i oktober, men kansellerte alle datoar for ei veke sidan, med bakgrunn i at ting ikkje alltid går slik ein hadde tenkt seg. Eg håpar det vert lagt nye planar, for – som han sjølv seier i ei pressemelding – dette er musikk som er skapt for å verte delt i eit rom.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis