JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Når dagen er over

Eit fint knippe artistar løftar fram songskatten til Nick Drake.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nick Drake døydde berre 26 år gammal.

Nick Drake døydde berre 26 år gammal.

Foto: Blue Raincoat Music

Nick Drake døydde berre 26 år gammal.

Nick Drake døydde berre 26 år gammal.

Foto: Blue Raincoat Music

3279
20230714
3279
20230714

Rock

Diverse
artistar:

The Endless Coloured Ways: The Songs of Nick Drake

Blue Raincoat / Playground

Det var som om det djupe mørkeret som bur i songen, verkeleg kom fram for første gong då eg nyleg lytta til John Grants framføring av «Day Is Done», ein av dei mest kjende låtane til Nick Drake, og eit absolutt høgdepunkt på den nye samleplata The Endless Coloured Ways.

Hadde eg ikkje lytta godt nok før? Eller hadde den milde originalversjonen gjort meg blind for den isnande biletbruken i dei knappe, presise strofene? Hadde eg lytta så mange gonger at eg ikkje verkeleg høyrde songen lenger?

Grants tolking sende meg rett tilbake til originalversjonen på Five Leaves Left (1969), på biltur langs ein fjord, slik også tolkinga til jazzpianisten Brad Mehldau gjorde det for nokre år sidan, på det som vart nøkkelsporet på Day Is Done (2005). Slik er det med Drake – ein må tilbake, igjen og igjen, og dele det som er å finne der, med andre som måtte vere interesserte. Og her er det The Endless Coloured Ways kjem inn.

Berre tre album

Nicholas Rodney Drake (1948­–1974) rakk berre å gi ut tre plater før han døydde 26 år gammal av ein overdose med antidepressiv. Då eg sjølv oppdaga Five Leaves Left, Bryter Layter (1971) og Pink Moon (1972), som du kjem fint gjennom i løpet av ein sommarkveld, fekk eg – som så mange før og etter meg – eit nært forhold til særleg den første av dei.

Eg var i tjueåra og høyrde stadig Drake nemnd i intervju med artistar eg lytta til på den tida – Kate Bush, R.E.M. og fleire andre, namnet dukka opp med jamne mellomrom.

Vegvisar

The Endless Coloured Ways bør kunne vere ein slik vegvisar for nye lyttarar. Hadde eg ikkje kjent Drake før, ville Grants versjon ha gjort meg nyfiken – eller tolkinga som Aldous Harding og John Parish gjorde av «Three Hours» (som også opphavleg var å finne på Five Leaves Left), eller Joe Henry og Meshell Ndegeocellos versjon av «Time of No Reply» – tittelsporet på utgivinga som kom på midten av 1980-talet, som samla nokre få Drake-songar som ikkje hadde vore utgitte tidlegare.

Som så ofte med slike samlingar er det både hummar og kanari, med fleire svært så kjende og mindre kjende namn om kvarandre. Eg ikkje skal gi meg i kast med å ramse opp, berre slå fast at det finst noko for alle her, og at det i seg sjølv er ei stadfesting av kor breitt Drake har nådd.

Kanskje kjem ein song som «Day Is Done» heim når ein artist som John Grant tek tak i han. Den tragiske livshistoria til Drake har tidvis kasta mørke skuggar over musikken, og framført slik verkar det tydeleg at songen er skriven av eit menneske som visste kva depresjon var.

Kanskje har det mykje omtalte tungsinnet likevel kome i vegen for ei rikare forteljing om Drake, i alle fall om ein skal tru den nye biografien som er ute i desse dagar, av Richard Morton Jack, som har brukt fem år på å skrive Nick Drake: The Life – den første boka som søstera Gabrielle Drake har stilt seg bak, og som etter alt å dømme kjem til å verte den definitive.

For å oppdage songane treng du likevel ikkje å vite stort om mennesket som skreiv dei – dei klarer fint å nå deg heilt på eiga hand.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis