JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Mykje nytt under sola

Barokkonserten på Bergen kirkeautunnale var herleg fri for svisker.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Barokkanerne og Edvard Grieg Vokalensemble i Bergen domkyrkje.

Foto: Gyrid Cecilie Nygaard / Bergen kirkeautunnale

4902
20230929
4902
20230929

Kyrkjekonsert

Telemann, Porpora, Zelenka, J.L. Bach, J.B. Bach, Händel:

Psalms, Sinfonies and
Slow Air

Edvard Grieg Vokalensemble; Barokkanerne; leiing: Steven Devine
Bergen domkyrkje, fredag 22. september

Bergen kirkeautunnale er ein kyrkjemusikkfestival som går over fem dagar kvar haust. I år hadde han to dusin arrangement på plakaten, elleve av desse reine konsertar. Barokkonserten i domkyrkja på fredag var interessant av di han var så «sviskefri»: Fire av dei seks komponistane er beint fram ukjende i Noreg, og stykka av dei to kjende – Händel og Telemann – blir sjeldan spelte. Originalinstrumentorkesteret Barokkanerne stilte med reint strykeorkester, saman med Bergens profesjonelle kor Edvard Grieg Vokalensemble. Engelske Steven Devine leia det heile med energisk direksjon frå cembaloen og orgelet.

Telemann

Konserten opna med ein dissonans: ouverturen frå ein orkestersuite i h-moll (TWV 55.h2) av Georg Philipp Telemann (1681–1767), som byrjar med ein så krass akkord at folk kvakk til i kyrkjebenken. Denne typen fransk musikk var særs populær i det frankofile Tyskland i fyrste helvta av 1700-talet, og Telemann gjorde han til sin spesialitet. Han komponerte hundrevis av orkestersuitar. Dei er alle skjematiske i forma, men vanlegvis har dei ein eller annan genial vri som gjev kvart verk eit uttrykksmessig særpreg. Konsertmeisteren Huw Daniel leia fiolinane og bratsjane med samlande gestus og sørgde for klår og velkoordinert strykarklang. Intonasjonen var her og i resten av konserten mest utan unntak god.

Den arkaiske tonesetjinga av Bibelens 7. salme som fylgde, «Herr, strafe mich nicht» (TWV 7:3), må vera blant Telemanns tidlegaste verk. Dette er luthersk kyrkjemusikk av det mørke og alvorsame slaget, komponert som ei samanhengande lekkje av stutte songavsnitt og korparti, heilt utan elegante ariar og forteljande resitativ. Men det alvorsame verkar likevel ikkje trykkjande, for på typisk 1600-talsvis blir lidinga og dauden alltid sett i lys av livet som ventar den trufaste i æva. Dirigenten Devine fekk godt fram kontrastane i Telemanns lågmælt retoriske komposisjon.

Zelenka

Uhøyrd livfull katolisisme fylgde – uhøyrd i meininga at stykket aldri har vore å høyra i Noreg før: Jan Dismas Zelenkas (1679–1745) Confitebor tibi, Domine (ZWV 100), som er ei typisk salmetonesetjing for denne bøhmiske komponisten. Orkesterparten er nemleg halden i lys og italiensk stil, mens korpartia gjerne er innfløkt fleirstemmige slik protestantiske kyrkjemusikarar framelska dei. Blandinga av sørleg sanselegdom og tysk grannsemd er ideell.

Edvard Grieg Vokalensemble hadde her noko å bryna seg på, og dei kom jamt godt frå det, sjølv om somme av tempoa kunne vore høgare. Det sterkaste Zelenka-verket eg har høyrt, var det ikkje. Men å oppleva ny gamal musikk er alltid interessant, og Devines entusiastiske direksjon gjorde det til konsertens høgdepunkt.

To bachar

Også Bach stod på programmet. Ikkje Johann Sebastian, men to eldre slektningar av han: firmenningen Johann Ludwig Bach (1677–1732) og tremenningen Johann Bernhard Bach (1676–1749). Motetten Unsere Trübsal av den fyrstnemnde bachen, med tekst frå Paulus’ andre brev til korintarane, var det einaste som blei sunge a capella, altså utan instrument, medan dei tre satsane frå ein elegant orkestersuite av den sistnemnde var med berre orkester.

Motetten er typisk for 1600-talets vokalmusikktradisjon i Thüringen, området midt i Tyskland, der Johann Sebastian voks opp. Me talar om bruksmusikk for gudsteneste, bryllaup og gravferder, handverksmessig godt tillaga med relativt enkle kompositoriske verkemiddel.

Händel

Både her og i tyskaren Georg Friedrich Händels (1685–1759) italienske ungdomsverk Nisi Dominus (HWV 238), som avslutta programmet, blei me vare Edvard Grieg Vokalensembles styrke – og veikskap – i slikt barokt repertoar. Koret er lite (berre to vokalistar per stemme), og alle medlemene er yrkesmusikarar og dugande solistar. Dette gjer at det «manøvrerer» ledig i snøgge satsar, og at den lydlege balansen med orkesteret verkar avstemt.

Likevel blei ensembleklangen stundom for ueinsarta, noko som hadde med framføringsstilen og songteknikken til somme av songarane å gjera. Barokkanerne spelar jo på gjennomført barokk måte, med luftig artikulasjon og beine, vibratolause strykartonar. Koret, derimot, tenderte mot det romantiske, med utdregne frasar i legato, ofte sungne med gjennomgåande vibrato. Særleg i Händels stykke klang det for tungt og slepande i høve til orkesteret.

Eit heldig unntak var sopranen Hannah Littleton, som song med gjennomført barokk teknikk, slik at klangen blanda seg vakkert med strykarane. Nemnast lyt òg tenoren Tyler Ray og bassen Ørjan Hartveit, som begge var gode.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Aasen-tunet opna i 2000.

Aasen-tunet opna i 2000.

Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet

Ordskifte

Spor av tid i arkitekturen

«Arkitekturopprøret vil gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er.»

Ottar Grepstad

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Foto: via Wikimedia Commons

BokMeldingar
Per Roger Sandvik

Levande innsikt om døyande insekt

Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis