Musikken som veg i verda
Pianist og komponist «Blue» Gene Tyranny var ein særs kjenslevar og formidabel utøvar med ein omfattande produksjon.
«Blue» Gene Tyranny.
Pressefoto
«Blue» Gene Tyranny (1945–2019)
Tilrådd lytting:
Country Boy Country Dog
(How To Discover Music in the Sounds of Your Daily Life)
Out Of The Blue
Detours
Degrees Of Freedom Found
Film:
Just For The Record (dokumentar)

Tyranny, eller Robert Nathan Sheff, som var det eigentlege namnet hans, spela med særs ulike musikalske personlegdomar, som til dømes multikunstnar Laurie Anderson, operafornyar Robert Ashley, jazzpianist Carla Bley og punkrockar Iggy Pop. I tillegg var han ein innovativ innspelingsteknikar for mellom andre komponisten John Cage.
Men det er ikkje fyrst og fremst ord som imponerande eller allsidig som festar seg i møte med Tyranny sitt kunstnarskap. Det er heller ei djupn, og ein heilskapeleg dedikasjon til eit liv vigd kunsten og musikken sine haldepunkt.
Eg oppdaga musikken til Tyranny gjennom eit langt intervju i den storarta samtaleboka Talking Music av William Duckworth for mange år sidan, og vart etter kvart nyfiken på musikken. Han er ikkje bunden til konvensjonelle tankar om sjanger og stil og inneheld alt frå musique concréte og frijazzimprovisasjonar til nydelege poplåtar og noterte verk for større ensemble. Komposisjonane har heile vegen ein tydeleg signatur frå Tyrannys uttrykk, arrangement og ulike måtar å gjere ting på.
Enormt spekter
«Blue» Gene Tyranny voks opp i San Antonio i Texas, ein stad kanskje meir kjend for tex-mex og countrymusikk enn avantgardistisk kunstmusikk, men også her fanst all slags ulike miljø, og dei gav også næring til Tyrannys enorme musikalske spekter. Han spelte i rockeband, danseband og bluesband, og han studerte klassisk piano og eksperimentell komposisjon ved sida av alt frå tidleg i tenåra.
Han vart ein del av miljøet kring Once-gruppa og -festivalen i Ann Arbor i åra 1961–1967, eit levande, framtidsretta kunst- og musikkmiljø, der han fekk presentera mykje av musikken sin, mellom anna for komponistar som Morton Feldman og John Cage. Frå 1971–1982 underviste han i musikkteori og komposisjon på Mills College i Oakland. Her utvikla han i tillegg studiofasilitetar med store høve til elektroniske eksperiment som gjorde at musikarar og komponistar kom tilreisande for å jobbe med han.
I denne perioden gjorde han også heilt andre ting, som å turnera med Iggy & the Stooges, og det var på denne tida han tok artistnamnet sitt. I Tyranny ligg ein krass kritikk av autoritære tankesett, og Blue refererer både til uttrykket blue collar worker og til at han ofte lét seg rive med og verte overrumpla av sterke kjensler, noko som vert spegla i musikken, utan at han noko gong tyr til sentimentale verkemiddel.
I 1983 flytta han til New York og baserte si musikalske verksemd der frå då av, både som produktiv komponist og som gjestemusikar med mellom andre Laurie Anderson.
Tog- og naturlydar
Ein finn gode døme på korleis «Blue» Gene Tyranny miksar saman komplekse arrangement frå eit mylder av stilar til noko som kjennest heilskapleg, på plata Out of the Blue frå 1978. Her har han skrive musikk og særs gode, eksistensialistiske tekstar som får ein til å reflektera, og han har miksa, arrangert og elegant produsert alt sjølv.
B-sida, «Letter From Home/Out of the Blue», er ei reise på over 25 minutt der feltopptak av tog- og naturlydar vert fletta saman med komplekse akkordprogresjonar for analoge synthar og kor, og ei forteljarrøyst tar ein med gjennom eit langt brev frå heimbyen til Tyranny – filosofiske betraktningar fortalde i eit inkluderande kvardagsspråk.
Når eg lytta til dette albumet fyrste gongen, var det nokre plassar som å kome heim, som eg hadde vore i lydbiletet tidlegare, som om eg på eit vis hadde høyrt det før, samstundes som det kjendest friskt og nytt.
Tyranny utstrålar gjennom musikken og livet ein open måte å stille spørsmål på, og eit forbiletleg, usjølvisk fokus, inspirerande i vår ekstremt individualistiske tidsalder.
Stein Urheim
Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Somme seier dei skriv poesi for å kome gjennom livet. Eg lagar musikk for å kome gjennom livet.»
«Blue» Gene Tyranny
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.