Musikalske klinkekuler
André Roligheten har skreddarsydd musikken for bandet.
André Roligheden (nr. 2 f.v.) har med seg Johan Lindström, Gard Nilssen, Jon Rune Strøm og Matthias Ståhl.
Foto: Henning Svoren
Jazz
André Roligheten:
Marbles
André Roligheten, tenor-, sopran- og bassaksofon; Johan Lindström, pedal steel gitar og gitar; Matthias Ståhl, vibrafon; Jon Rune Strøm, bass; Gard Nilssen, trommer.
Odin
André Roligheten har laga åtte musikalske klinkekuler som kvintetten leikar seg med. Han har sagt følgjande om skriveprosessen: «Jeg har hørt for meg referanser og materiale fra musikkhistorien og forsøkt å oversette det til de fire musikerne via min egen fortellerstemme. Resultatet har blitt noe imellom historisk-tilbakeskuende og fremtidsrettet musikk, sett og farget av mine musikkbriller.»
Roligheten har greidd det meisterstykket å skriva musikk med klar identitet, men komposisjonane er samstundes perfekte plattformer for improvisasjon.
Låtane er varierte, men Lindstöms pedal steel i kombinasjon med vibrafonen til Ståhl set sitt bumerke på denne plata. Vaskesetelen seier det på denne måten: «Se for deg at Sonny Rollins og Egberto Gismonti møttes i strandkanten ved et yoga-retreat på Hawaii og bestemte seg for å lage et album sammen!» Eit fint bilete som knapt kan seiast å vera ein innartiar, men musikken til Roligheten er noko for seg sjølv.
I tillegg er plata ei Sareptas krukke av improvisasjon og utsøkt musikalsk samtale. Den slentrande «Sonny River» (hyllinga ligg opp i dagen) og den gladlynte «skalaøvinga» «Pyramide Dance» med eit uhyre interessant midtparti er døme på to av desse låtane som festar seg ved første gjennomhøyring. Det komplekse høyrest ut som ein leik. Å ta del i denne leiken vert tilrådd på det varmaste.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
André Roligheten:
Marbles
André Roligheten, tenor-, sopran- og bassaksofon; Johan Lindström, pedal steel gitar og gitar; Matthias Ståhl, vibrafon; Jon Rune Strøm, bass; Gard Nilssen, trommer.
Odin
André Roligheten har laga åtte musikalske klinkekuler som kvintetten leikar seg med. Han har sagt følgjande om skriveprosessen: «Jeg har hørt for meg referanser og materiale fra musikkhistorien og forsøkt å oversette det til de fire musikerne via min egen fortellerstemme. Resultatet har blitt noe imellom historisk-tilbakeskuende og fremtidsrettet musikk, sett og farget av mine musikkbriller.»
Roligheten har greidd det meisterstykket å skriva musikk med klar identitet, men komposisjonane er samstundes perfekte plattformer for improvisasjon.
Låtane er varierte, men Lindstöms pedal steel i kombinasjon med vibrafonen til Ståhl set sitt bumerke på denne plata. Vaskesetelen seier det på denne måten: «Se for deg at Sonny Rollins og Egberto Gismonti møttes i strandkanten ved et yoga-retreat på Hawaii og bestemte seg for å lage et album sammen!» Eit fint bilete som knapt kan seiast å vera ein innartiar, men musikken til Roligheten er noko for seg sjølv.
I tillegg er plata ei Sareptas krukke av improvisasjon og utsøkt musikalsk samtale. Den slentrande «Sonny River» (hyllinga ligg opp i dagen) og den gladlynte «skalaøvinga» «Pyramide Dance» med eit uhyre interessant midtparti er døme på to av desse låtane som festar seg ved første gjennomhøyring. Det komplekse høyrest ut som ein leik. Å ta del i denne leiken vert tilrådd på det varmaste.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.