Musikalsk dadaisme
Hulbækmo byr ikkje på balsam og smiger.
Hans Hulbækmo har gjeve ut sitt første soloalbum.
Foto: Anna Ueland
Jazz / Samtidsmusikk
Hans Hulbækmo:
Tilfeldig næpe
Hans Hulbækmo, trommer, perkusjon, munnharpe, gitar, tangentinstrument, stylofon, balafon, munnspel, fløyter, shrutiboks, trommemaskin, kalimba, fele, vokal og toradar.
Hubro
Å lytta til Hulbækmo og Inger Hannisdal om ein annan i arbeidet med desse meldingane har vore interessant fordi utgjevingane er så ulike trass i at båe er soloplater. Skilnaden som ligg opp i dagen, er instrumentet, eller for Hulbækmos del er det rettast å tala om instrumentariet, men også tilnærminga er ulik. Hjå Hannisdal står nyansane i sentrum. Hulbækmos estetikk er prega av kontrastane og motsetnadene. Det skal likevel ikkje lesast slik at Hulbækmos uttrykk er unyansert.
Verktøykassa eller leiketøykassa til Hulbækmo er velfylt, og utgangspunktet for kontrastane ligg i dette instrumentariet, men får si spesielle form gjennom det sære komponisthovudet hans. Skal eg prøva meg med ein merkelapp, så er musikalsk dadaisme det næraste eg kjem. Ikkje berre seier dette noko om dei fleste komposisjonane, men også tilnærminga hans til toradar- og felespel, til dømes. På den andre sida får me servert virtuost trommespel på «Han» og «Autotelisk», utan at dette bryt med den overordna ideen.
Hulbækmo har komponert tolv korte stykke der dei fleste har høgst ulik karakter. Nokre av stykka har skissepreg. Hulbækmo lagar musikk slik mange i dag konsumerer litteratur, hoppar frå det eine til det andre. Han utfordrar lydaren i å fanga det vakre og spanande i dei korte augneblinka, før han susar av garde til neste idé. Det er fascinerande og problematisk på same tid. Hulbækmo innyndar seg ikkje. Det skal han ha.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.