Musikk
Mot apatien
Anohni er aktuell med sitt sjette studioalbum, det første på sju år.
Anohni manar til fellesskap og felles kamp på det nye albumet.
Foto: Nomi Ruiz
Eg har lytta mykje til Anohni i det siste og stadig vendt tilbake til vårens singel, «It Must Change». Kva er det som må endre seg? «The way you talk to me», heiter det i låten, «the things you do to me». Eg høyrer songen som ei insistering på toleranse og menneskeverd – eit krav med sterke klangbotnar idet dei siste dagane av pridemånaden straks er bak oss.
My Back Was A Bridge For You To Cross, albumet låten er henta frå, er ute om ei veke, og det er ikkje vanskeleg å sjå at omslagsfotografiet i høgste grad medverkar til å gjere utgivinga til ei politisk ytring. Portrettet av menneskerettsaktivisten Marsha P. Johnson, teke av Alvin Baltrop på 1970-talet, vender seg til den som skal til å lytte – eit krav om å møte blikket til den andre.
Anohni har sjølv forklart at songane denne gongen skal mane til fellesskap og felles kamp. Ei viktig inspirasjonskjelde for den sosialt engasjerte musikken er Marvin Gayes klassiske protestsoul på What’s Going On (1971), og det er ikkje minst lett å høyre dette på «It Must Change», som også er sommarleg og lett på foten.
I forlenginga av alt dette ligg det også ei von om at musikken skal vere ein slags medisin mot apatien, og romme ei slags mjukt formulert fordring. Det har gått sju år sidan Hopelessness, den førre plata til Anohni, kom ut. Når tapet av meining brer om seg, kan isolasjon og sinne opne seg som ein farleg utveg. My Back Was A Bridge For You To Cross kan tolkast som ei feiring av motsett impuls, av trongen til å kome saman, i gateparadar så vel som kreative samarbeid. På Hopelessness, som på tidlegare utgivingar, komponerte og produserte artisten sjølv, medan eitt nært samarbeid har spelt ei særleg viktig rolle på sommarens album, nemleg det med Jimmy Hogarth.
Soulprodusenten vart nemleg invitert inn alt medan materialet berre var på skissestadiet. Anohni tok med seg ei notatbok med tekstar og idear, og dei to sette seg til i studio saman – artisten ved pianoet, og produsenten med gitaren – og laga ei rekkje demoar. Deretter samla Hogarth saman eit band, med Leo Abrahams, Chris Vatalaro og Sam Dixon, medan Rob Moose har stått for dei fine strykearrangementa.
Det dreier seg om – som lesaren kanskje alt har skjøna – ei idérik, samansett plate. Musikken peikar tilbake på djupe tradisjonar, mellom anna amerikansk soul og britisk folk, medan tekstane går rett inn i vår eiga konfliktfulle samtid og rettar blikket mot ei uviss framtid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.